Vetle Tveiten Hoslemo og Eldbjørg Trydal Rysstad blir med på konsert i Bykle kyrkje til inntekt for årets TV-aksjon ”Barn, ikke brud”. Det blir mange flotte musikalske innslag i Bykle kyrkje sundag.

Musikalsk oppleving til inntekt for TV-aksjonen

I Bykle kyrkje blir det konsert med ei heil rekkje lokale krefter til inntekt for TV-aksjonen. Ei flott musikalsk oppleving på sjølve TV-aksjonsdagen 24. oktober, der alle inntekter går til den viktige saka ”Barn, ikke brud”.

–Det kjem til å bli ei oppleving folk seint vil gløyme, seier Thor Bern-hard Sagland.

Han og Bjørg-Sissel Tveiten er arrangørane av konserten sundag. Alle musikarane og dei frivillige stiller på dugnad for TV-aksjonen, og alle inntektene frå konserten går uavkorta til årets aksjon ”Barn, ikke brud”. Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda, og årets aksjon stør Plan sitt arbeid mot barneekteskap der problemet er størst: I Bangladesh, Nepal, Ma-lawi, Mali og Niger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokale musikarar stiller opp

Til konserten i Bykle kyrkje kjem Bykle og Fjellgardane barnekor, Aud Skagestad, Ryszard Goscniak, Knut Olav Uppstad og Anna Slaby Driel.

Eldbjørg Trydal Rysstad og Vetle Tveiten Hoslemo blir også med, og skal mellom anna framføre den kjende og humoristiske ”Byklaren og Valldølen”. Det er duka for ein fin kveld med mykje flott musikk, og mange gode grunnar til å kjøpe billett.

Billettane er å få kjøpt i døra eller på spleis.no/bykle. På spleisen går det også an å gje eit valfritt tileggsbeløp til TV-aksjonen.