Det er ikkje vanskeleg å sjå at biletet av løyesaumkurset er frå 80-talet. Dei flittige damene på kurs i 1987 er frå venstre: Gyro Uppstad, Ingebjørg Lauvdal Homme, Anne (Vesla) Uppstad, Karin-Marie Kyrvestad, Kjellaug Dale og Britta-Lise Homme. (Vallekalenderen 2023)

Ny og variert Vallekalender

Mange flotte bilete pregar den nye Vallekalenderen for 2023 utgjeve av Valle bygdekvinnelag. Her får ein tilbakeblikk til både eldre og nyare tid i Valle.

Gunvor Edel Åkre og Lisbeth Dalquist Homme har hatt arbeidet med kalenderen, og har gjort eit utval av mimreverdige bilete frå 2005 og bakover i tid.

Mange av bileta er frå samlinga til Ingebjørg Vegestog Homme og frå Bygdekvinnelaget sine album. Ein får mellom anna sjå staute konfirmantar midt på 90-talet, fyrste framhaldsskulen i Valle på 20-talet og soknerådet i Valle i 1900. Friske 80-tallsdamer på løyesaumkurs i Valle, blide bygdekvinner på tur til Hovden i mars 1972 og Håvard Viki med nissen, Ingeborg Homme, på jolefesten i bygdekvinnelaget i 1994 får ein også sjå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håvard Viki og jolenissen, Ingeborg Homme under Bygdekvinnelaget sin jolefest i 1994. (Vallekalenderen 2023)

Kongelege bilete

Det er fleire rojale bilete i kalenderen. Det eine biletet er frå kongebesøket i 1993, der Kong Harald og Dronning Sonja besøkte Rygnestadtunet og hadde følgje med museumsstyrar Tor Gunnar Hansen og ordførar Tarald Myrum. Så er det også eit bilete av då Eivind H. Berg i flotte dalebukser helsa på Kong Olav på ei landbruksutstilling i Oslo.

Kalenderen er nå i sal, og ei fin gåve til alle som har tilknyting til Valle.