Lisbeth Ljosdal Skreland som ein ung Jan Olsen i hanglider på veg til mange flotte damer. Bak frå venstre: Gro Tove Frafjord Sandnes, Vigdis Beisland, Guro Kvaale Skibsrud, Solveig Eiken (skjult) og Jørund Upsal. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Sleivspark og moro i «Det meste er sant»

I revyen ”Det meste er sant” som har premiere på Bygland kulturscene fredag, møter ein mange av kommunen sine lokalkjendisar frå 80-talet og framover. Eit herleg møte med gamle skrøner og ein heil del sanne historier frå politikk og kvardagsliv. Bygland Dramatiske Selskab leverer ein svært underhaldande revy.

Det er nokre gamle skrøner, men også ein heil del sanne historier frå bygdelivet i Bygland gjennom fleire tiår. Ein og annan lokalkjendis blir også hugsa for meir eller mindre ærefulle prosjekt i årets revy. Det er på ingen måte nytt stoff i ”Det meste er sant”, men Svein Kleivane sine underhaldande småtekstar frå 80-talet og framover er framleis aktuelle.

Gro Tove Frafjord Sandnes som yppig kordame blant noko meir trauste byglandsdamer.

Det blir ei blanding av morosame tilbakeblikk og litt aktualitet, sidan nokre tema ser ut til å stadig kome att på bygdene. Både scooterkøyrar utan løyve, lokalavisa som yppar til strid, og alle dei som byggjer fyrst og søkjer til kommunen etterpå får gjennomgå:

Artikkelen held fram under annonsen.

I Bygland gjer me som me vil, byggjer fyrst og søkjer etterpå.

På Bygland treng dei ikkje ungdomsklubb, for dei har jo bussbu! Silja Moberg Hus (t.v.) og Gro Tove Frafjord Sandnes i rollene som ungdom med låge forventningar til kommunen.

Me får også sjå korleis byglandsungdommen måtte leve fint utan ungdomsklubb, fordi dei hadde jo trass alt ei bussbu å henge i om kveldane! Midlane kunne heller gå til alle dei som snakkar vel for seg og si sak.

Då museet skulle flyttast på midten av 90-talet, vart det storstilt flyttesjau på Bygland. Lisbeth Ljosdal Skreland (t.v.), Guro Kvaale Skibsrud og Solveig Eiken gav eit tilbakeblikk.

Gudrun Omnes som molteplukkar Sigurd Haugsgjerd på vidvanke, Lisbeth L. Skreland som Jan Olsen på damejakt og Olav Grendstad som handelsmannen Neri Haugå er nokre av innslaga som verkeleg får latteren fram.

Olav Grendstad i handelsfrakk som Neri Haugå. Det kunne by på utfordringar på Haugå Landhandel då turistsesongen tok til. Turisten, Jørund Upsal, fekk likevel god service på Haugå.

Småglimt frå historia

Det er mange høgdepunkt å melde om frå ”Det meste er sant”. Det eine er eit tilbakeblikk på då Bjoren skulle restaurerast for fleire millionar. Olav Grendstad (t.v.), Gudrun Omnes, Vigdis Beisland, Solveig Eiken, Eirin Emaus, Guro K. Skibsrud, Jørund Upsal, Gro Tove F. Sandnes og Lisbeth L. Skreland.

Det er tilbakeblikk på både lokalpolitikk, bygdeliv og spesielle små og store hendingar. Når bygdebøkene lyt vente på seg, bidreg Bygland Dramatiske Selskab verkeleg med eit skråblikk på byglandshistoria.

–Nokre av personane i historiene er i dag borte, men me har valt å ha dei med, sidan det er humoristisk overdrive og med stor respekt for dei, seier Svein Kleivane.

Ingen stad er som Horverak - i alle fall i frå lufta. Leiv Rygg Langerak og Gro Tove Frafjord Sandnes som Sigbjørn Horverak og Reidun Horverak på veg til Syden. Flyturen vart i overkant dramatisk. Langerak gjer ein god figur som KrF-ordføraren Sigbjørn Horverak.

Olav Grendstad, Lisbeth L. Skreland, Guro K. Skibsrud og Marit Vegusdal har gjort eit godt arbeid med tekstane og tilrettelegging til revyen. Olav Grendstad har også regi, og har med sin bakgrunn frå teater vore eit viktig ledd for å få til årets revy.

Runar Granheim bidreg som allsidig musikar, og trakterer fleire instrument som gjer mykje for revyopplevinga.

Årets revy fredag og laurdag på Bygland er noko folk absolutt bør få med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gudrun Omnes som molteplukkaren og redaktøren som kom heilt på vidvanke på slutten av 80-talet.