Evje og Hornnes Menighetskor og På Tvers leverte eit flott utval av den store musikkarven etter Lina Sandell arrangert av Sigvald Tveit.

Stemningsfullt i Evje kyrkje

Evje og Hornnes Menighetskor og koret På Tvers frå Høvåg saman med forteljarane Svein Kleivane og Jenny Strømstad fylte Evje kyrkje under Lina Sandell-kvelden i helga.

Ei fullsett Evje kyrkje opplevde sterk salmesong og svært levande framføring av historia om forfattaren og salmediktaren Lina Sandell. Det vart eit flott samspel mellom historieforteljarane og den musikalske skatten etter henne.

Åse Gullsmedmoen var ein av dei flinke solistane som var med på å gjere konserten til ei svært flott oppleving for publikum.

Publikum fekk glimt frå Lina Sandell sitt liv fortalt av Svein Kleivane og framført av Jenny Strømstad i rolla som Sandell. Evje og Hornnes Menighetskor og På Tvers leverte eit flott utval av den store musikkarven etter henne arrangert av Sigvald Tveit, og framførte mellom anna dei kjente salmene Blott en dag, Bred dina vida vingar og Tryggare kan ingen vara.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jo Inge Rosseland var ein av solistane som bidrog med vakker song i Evje kyrkje.

Solistane leverte spesielt vakre framføringar, og gav publikum ei flott stund denne mørke haustkvelden. Det same gjorde Marie Læssøe Martin på fiolin.

Svein Kleivane på talarstolen i Evje kyrkje fortalte om livet til Lina Sandell. Evje og Hornnes Menighetskor og På Tvers frå Høvåg gav publikum ein musikalsk kveld dei vil hugse lenge.

Levande formidling

Svein Kleivane knytte livshistoria til den svenske salmediktaren saman med tekstane hennar, og fortalte på fengande vis både om livet og lagnaden til Sandell. Jenny Strømstad bidrog på svensk, og las slik at publikum fekk eit bilete av korleis Sandell hadde det i ulike fasar av livet.

Jenny Strømstad las slik at publikum fekk eit bilete av korleis Sandell hadde det i ulike fasar av livet.

Kleivane oppfordra tilhøyrarane til ikkje å bekymre seg for morgondagen, slik også Sandell trøysta seg med då livet vart tøft, og som ein kan finne att i fleire av tekstane hennar. Trøyst er å finne i Blott en dag, salmen som har blitt vanleg i gravferder både i Sverige og Noreg.

Det var mange vakre tonar i Evje kyrkje sundagskvelden, og dei mange frammøtte fekk oppleve ei skikkeleg høgtidsstund.

Ei fullsett Evje kyrkje fekk med seg den flotte konserten sundag kveld.