Tiana Fiedler (16) frå Åseral har gjeve ut boka ”Borte frå lyset”. Den unge forfattaren har også teikna illustrasjonane i boka.

Tiana (16) har skrive si eiga bok!

Sekstenåringen Tiana Fiedler frå Åseral har skrive si eiga bok! Den unge forfattarspira kunne nyleg hente heim ei bunke med rykande ferske bøker frå trykkeriet.

Tiandeklassingen har dei siste to åra jobba med bokprosjektet i arbeidslivsfag og valfag ved Åseral barne- og ungdomsskule. Og endeleg kunne den unge forfattaren få sin eigen roman i hendene.

–Boka vil eg kategorisere som ein science fiction-roman, seier Tiana Fiedler.

Artikkelen held fram under annonsen.

I boka følgjer me fire ungdommar som bur i den oppdikta byen Karum. Dei lever fyrst eit vanleg liv, før konfliktane hopar seg opp og ungdommane står i ein kamp mellom to kulturar.

Boka vart utseld på få dagar, så nytt opplag er i produksjon.

Fleire talent

Tiana er godt nøgd med skriveprosessen, og at ho har fått bruke fantasien sin på fleire område:

–Skriveprosessen har vore morosam!

Eg likar godt å skrive og teikne, og det har eg verkeleg fått gjort i dette prosjektet. Det har vore moro å prøve seg som forfattar. Eg har laga bokoppsettet og teikna framsida sjølv, seier Fiedler.

Nytt bokprosjekt

Fyrste opplag vart utseld etter nokre få dagar, men eit nytt opplag er på veg.

Og kanskje kjem det fleire bøker frå den unge forfattarspira frå Åseral.

–Eg er alt i gong med eit nytt bokprosjekt! seier den unge bokdebutanten.