Tingparken ved vegen mellom Skeie i Eiken og Birkeland i Hægebostad er eit spennande besøkssenter.

Tingparken i Hægebostad feirar 10 år

Tingparken i Hægebostad vart etablert som eit historisk besøkssenter og er ein del av Vest-Agder Museet. I desse dagar er det 10 år sidan starten. Jubileet blir markert laurdag 26. juni frå kl. 12 til 15.

Seinare på ettermiddagen blir det også fargedag der ein fargar tøy med sikte på å lage seg jernalderklær.

-Bli med å feire Tingparken sitt 10-årsjubileum! seier dagleg leiar Katja Regevik. Saman med gode hjelparar steller ho til ein spennande dag med overraskingar i den populære fornminneparken med så mange historiske innslag. Ho lovar både kake, kanelbollar, latter og leik.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Me har mange nyheter, ting å sjå på, og kl 14 sprenger me safen, seier ho!

Saman med Vest-Agder-museet er det Tingvatns venner, Hægebostad Husflidslag, Bygdemuseet og Hægebostad sogelag som står bak jubileumsarrangementet.