Desse skal vere med på konsert i Evje kyrkje førstkomande sundag til inntekt for hjelpearbeid i Ukraina. Frå venstre: Rodrigo Poblete, Finn Håkon Borgi, Alf Andrew Pedersen, Tor Ånon Kleivane, Renate Aasen, Yvonne Kallhovd og Tom Håkon Andersen. (Foto: Marianne Jacobsen)

Ukraina-konsert på Evje

Førstkomande sundag samlast ei rekke framståande musikarar frå Setesdal til kyrkjekonsert på Evje. Der blir det irske bandet U2 spesielt heidra. Det betyr tekstar med religiøse undertonar.

Konserten har også som formål å skaffe pengar til hjelpearbeidet som Leger Uten Grenser gjer i Ukraina.

Ein av initiativtakarane, Alf Andrew Pedersen på Evje seier til Setesdølen at fleire av bandet U2 sine tekstar passar svært godt i kyrkjerommet. I tillegg til dei religiøse undertonane har fleire av låtane ein klar antikrigsbodskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Støttar Ukraina

– Med kombinasjonen av desse tema vil konserten også støtte opp om ukrainske flyktningar. Det skjer ved at konserten er gratis, men at publikum blir oppfordra til å støtte Leger Uten Grenser sitt arbeid i det krigsherja landet.

– Me har vore heldige å få støtte av Evje og Hornnes Sparebank og andre lokale aktørar for å kunne gjennomføre arrangementet utan å ta inngangspengar, seier Alf Andrew Pedersen.