Pål Dale i Valle fylte 80 år tysdag denne veka. Foto: Setesdølen

80-årsjubilant med lang fartstid i politikken

Pål Dale, kommunepolitikaren som kom inn i Valle kommunestyre i 1975, og som var med like til 2011, er likevel ikkje eldre enn 80 år. Han runda årmålsdagen tysdag i denne veka.

Gjennom eit langt liv i lokalpolitikken har han blitt eit omgrep i ein svært viktig periode i Valle kommune si historie. Han var i utgangspunktet vald inn for Senterpartiet som har vore eit styringsparti i store delar av den perioden han representerer. I hans tid er det bygt både skular, samfunnshus, sjukeheim i fleire etappar, idrettsanlegg og endåtil nytt kommunehus, og det er sett i verk ei rekke tiltak til beste for innbyggjarane.

Pål Dale har også vore ein fargerik politikar med mange spissformulerte vendingar som gav han stor plass i avisspaltene. Då han var inne i sin mest aktive periode, uttala han at Setesdølen hadde gjort han til småkjendis. Etter kvart var det mest uråd å tenkje seg eit kommunestyre i Valle utan Pål Dale, og han vart med tida vald inn for ulike grupperingar. På den måten vart han også varaordførar i to omgangar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved sida av politikken har Pål Dale drive ættegarden på Dale og hatt arbeid hos IS Øvre Otra som det heitte i hans tid.

Sigurd Haugsgjerd