Janne Christine Wienenga oppfordrar alle til å handle lokalt, noko som er med på at lokale bedrifter kan halde fram med å gje ungdommen arbeid. Bua på Evje er ein av stadene som har mange ungdommar i arbeid året gjennom.

Arbeidsplassar som gjev ungdommen ein sjanse

Me er heldige i Evje og Hornnes kommune som har så mange bedrifter som tek inn ungdommen vår som sine tilsette. Sjølv har eg born som har vore eller er på YX Evje, Gokartbanen og Bua.

Nokre ungdommar må skrive søknadar, andre må gjennom intervju som kan vere nervepirrande, sjølv for ein vaksen. Vidare må dei kunne ta ansvar for å byte vakter og passe på at det ikkje kolliderer med skuleopplegg, feriar, kampar og liknande. Dei vil kanskje oppleve noko av arbeidsdagen som krevjande, vanskeleg eller flau, men også kjenne på meistring når dei gjer eit godt arbeid. Dette er kjensle som er ein del av livet og viktig å kunne handtere. Eg vil seie dei veks mykje gjennom tilliten og ansvaret dei får.

Vil sjå at arbeid løner seg

CV-en vil vise framtidig arbeidsgjevarar at dei ikkje berre har brukt ungdomstida si på å drive dank. Ungdommen vil også sjå at arbeid løner seg på slutten av månaden. Ein vonar dei ser verdien av pengar, at dei ikkje bruker opp alt, men får til sparing. Kanskje har dei eit ynskje om ein ny moped, bil eller dei tenkjer langsiktig som eigenkapital til bustad. Bedriftene er med på å gjeve ungdommen ein lærdom som er god å ta med seg inn mot vaksenlivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Positive arbeidsplassar

Eg kan med sikkerheit seie at ikkje alle kommunar kan skryte på seg å ha så mange arbeidsplassar som gjev ungdommen ein sjanse som her i Evje og Hornnes kommune. I tillegg er det oftast eit stort ”ja” når 7. klassingane kjem rundt for å spørje om arbeidsdag til inntekt for velgjerande føremål. Dette krev litt for ein skal jo sysselsetje og passe på dei.

Kanskje er det på sin plass å avslutte med ei oppfordring til alle om å handle lokalt. Dette vil igjen gjere at bedriftene kan halde fram med å gje ungdommen vår arbeid.

Eg reknar med eg har alle foreldre med ungdom i jobb med meg når eg seier: Tusen takk!

Janne Christine Wienenga