– Det er skuffande at Agder fylkeskommune ikkje kan stø arbeidet med å få til ei organisering av mekanisk fjerning av krypsiv og tiltak mot gassovermetting i eit omfang som gjev resultantar, skriv Steinar Kyrvestad. Her frå synfaring langs Otra i sommar.

– Attgroinga i Otra har aldri vore verre enn i dag, til tross for snart 40 år med «forsking»

Agder fylkeskommune, ved rådgjevar Anna Despard Asgard, har i etterkant av NVE si synfaringa i høve vilkårsrevisjonen i Otra, kosta på seg eit lesarinnlegg i Setesdølen torsdag 25.10. Allereie i overskrifta påstår Agder fylkeskommune: «God forsking gir gode tiltak». Eg må innrømme eg las lesarbrevet med interesse, men eg fann ingen døme på dei gode tiltaka Agder fylkeskommune seier, er komen i etterkant av god forsking.

Det er Otteraaens Brugseierforening som har fått reguleringskonsesjonane i vassdraget og dermed ein evigvarande rett til å nytte vatne i vassdraget. Av vatne i Otra vert det årleg produsert om lag 5 milliardar kWh. Gangar me produksjonen på 35 øre kWh (snittspris tidlegare) får ein eit inntrykk av dei verdiane som vert skapt ved å nytte vatne til straumproduksjon. Kommunen sitt poeng er at noko av denne verdiskapinga som produksjon av straum gjev, vert nytta til å bøte på dei miljøulempene reguleringane har førd med seg og som ein vanskeleg kunne sjå føre seg da dei eldre konsesjonane vart gjevne.

Eg vil berre gjere deg og Agder fylkeskommune merksam på at attgroinga i Otra har aldri vore verre enn i dag, til tross for snart 40 år med «forsking». Når det gjeld gassovermetting er tilhøva som dei alltid har vore. Fisken flyt til tider med buken i været.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både attgroinga og gassovermetting i vassdraget kan løysast, men det krev at ein vil nytte nok ressursar (pengar) på tiltaka.

I 2021 vart det starta opp eit kalkdoseringsanlegg i Valle. Dette etter påtrykk frå statsforvaltaren i Agder som meinte dette var naudsynt for å betre vasskvaliteten, av omsyn til Bleka. Kalking i vår del av Otra har Valle kommune alltid vore skeptisk til. Dette med grunngjeving i rapporter som peikar på at kalking fører til meir attgroing i vassdraget. Statforvaltaren meinte det var komen nye rapporter som ikkje var så eintydig på samanhengen mellom kalking og attgroing. Valle kommune sa til slutt ja til kalking.

Valle kommune hadde to vilkår. Statsforvaltaren lager ein statusrapport i Rysstad/Straumebassenget vedrørande attgroing før kalking. Statsforvaltaren følger opp med eit overvakingsprogram, vert attgroinga verre? Det som nå er urovekkande, er at overvakingsprogrammet har synt at kalkinga i Otra har medførd etablering av nye vassplanter i Rysstad/Straumebassenget, av dei er Tjønnaks den planten som skaper mest uro.

Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har vore til stades og laga rapporter i vår del av Otra heilt attende til tidleg 1980 talet. I dette arbeidet har Valle kommune vore deltakar i saman med Øvre Otra/Otra kraft og Otteraaens brugseierforening.

I NIVA rapport 0-86130 kan ein lese i samandraget.

• Det er massiv begroing av vannvegetasjon i Otra fra utløpet Brokke kraftverk til nedstrøms Straume bru. Vegetasjonen dekker nå omlag 55% av elvebunnen på denne strekningen.

• Krypsiv utgjør nær 100% av den observerte vegetasjonen. Omfanget av de begodde arealene har økt fra midten av 1970 åra og fram til i dag.

• Krypsiv-plantene i Otra viser ikke tegn på økt næringstilførsel som kan stamme fra jordbruket, bosetting osv. Dette betyr at forurensning kan utelukkes som forklaring på den økte veksten.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Vassdraget er naturlig preget av noe sure vannmasser. Økende forsuring av noen betydning er ikke påvist i perioden etter 1972, og kan ikke være årsak til den økte veksten av krypsiv.

• Årsaken til de oppståtte problemer er miljøendringer som følge av reguleringer i Otra, f.eks. økt vintervannføring, økt vanntemperatur vinterstid.

Det som skaper problemvekst i vårt vassdrag er at det ikkje lengre er avgang av plantebiomasse. Før reguleringa sørga islegging, flom og tørke for avgang av plantebiomasse, slik at t.d krypsiv aldri vart ein problemvekst.

Det er skuffande at Agder fylkeskommune ikkje kan stø arbeidet med å få til ei organisering av mekanisk fjerning av krypsiv og tiltak mot gassovermetting i eit omfang som gjev resultantar. Slik at me på den måten kan få fjerna den plantebiomassen som naturen tidlegare fjerna.

Valle 25.10.22

Steinar Kyrvestad

Ordførar Valle kommune