Birgit Rike Lund til minne

Bodskapen om at Birgit hadde døydd var vond å få. Å ikkje lenger kunne møte henne, som alltid omgav seg med glede og varme. Bodet kom uventa. Sjølv om ho var 97 år, bar ho alderen godt. Ho var alltid oppteken av dei positive sidene av livet.

Ofte når eg møtte Birgit, så tala ho om første gong ho hadde delteke på kappleik. Det var i Valhall då ho var i oppveksten. Då ho hadde kvoe ferdig, så fortålde ho: «Så reiste fei din seg opp å klappa og huva, det er den beste fagnad og ros eg hev fengje, tenk av den beste kvearen som va då.».

Dette fortel om verdien med å gjeve ros når det er høve til det. Birgit var alltid raus med rosande ord og oppmuntring. Det vert sakneleg å ikkje lenger kunne møte den alltid blide og positive Birgit ute i bygda eller i ly og lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fred over ditt gode ettermæle, Birgit!

Jon Kjelleberg