Ose Turistheim må inngå som ein naturleg del av det planlagde mulighetsstudiet for ”Bjoren”, og vidare drift/eigarskap til turistheimen må vurderast i det perspektivet, meiner underskrivarane til dette innlegget.

– Bør ikkje selje Ose Turistheim no

Til saka om kva som skal skje med den kommunale bygningsmassen i Bygland fekk politikarane i kommunestyremøtet brevet nedanfor på bordet. Det er ei gruppe, som er mykje større enn dei som har skrive under på brevet, som på nytt har engasjert seg i framtida til Ose Turistheim. I første omgang oppmoda kommunestyret til å utsette saka.

-Me meiner òg at å selje turistheimen på noverande tidspunkt ikkje samsvarar med diverse andre kommunale planar, seier ein av initiativtakarane, Torhild Austad.

Brevet frå interessegruppa har denne ordlyden:

Til kommunestyrerepresentantane i Bygland i møte 24.06.21:

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vil oppmode kommunestyret om å støtte utsettingsvedtaket frå F-skapet med fylgjande grunngjeving: Fleire av desse bygningane er, etter vår meining, av kulturhistorisk verdi og krev ei grundig saksutgreiing før vedtak om sal/riving kan fattast. Ei slik utgreiing bør m.a. omfatte:

•kulturhistorisk verdi

•oversikt over vedlikehaldsutgifter •eksterne økonomiske støtteordningar

•alternative bruksområde, driftsformer

•samsvar/forhold til vedtekne kommunale planar: (Kulturminneplan for Bygland, vedtatt 2020 og Samfunnsdelen i revidert kommuneplan, vedtatt 2021 - sjå s.13 p.3, s.19 p.1c og 3) I sistnemnde plan er det eit uttrykt mål å auke verdiskapinga knytta til kulturarven, og under «Tiltak» er formidling av kulturarven til komande generasjonar, på ulike måtar, vektlagt i fleire av delpunkta.

Masterplan for ”Bjoren”

Samsvar mellom mål og tiltak må òg gjelde reguleringsplanane for Ose og Bygland som enno er under arbeid. Vår agenda dreiar seg i hovudsak om Ose Turistheim. I tillegg til dei ovannemnde punkta er me gjort kjende med eit referat frå møte i Setesdal IPR frå 12.05.21 der Bygland kommune v/kommunedirektøren har ansvar for å utarbeide ein masterplan/mogelegheitsstudie for Bjoren.

”Bjoren” og Turistheimen

Det er vanskeleg å sjå føre seg ein slik plan utan at den historiske delen om Byglandsfjorden som samferdsleåre mellom Byglandsfjord og Ose med tilhøyrande bryggjer og sluser blir tatt med.

Dette står òg å lese i referatet: «Bjoren er meir enn «berre» båten, det er òg sluse, bryggjer osv.» I den samanheng meiner me at Ose Turistheim må inngå som ein naturleg del av denne planen, og vidare drift/eigarskap må vurderast i det perspektivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dreng Ose

Anne Løyland

Tor Austad Bjørgum

Bjørg Maren Lauvdal

Olav Nomeland

Ragnhild Sordal

Svein Helge Nomeland

Knut G Austad

Artikkelen held fram under annonsen.

Andres Helle

Inga Bjørg Austad

Torhild Austad

Liv Åsne Austad Andersen Morgan Igland

Elin Austad

Kjell Rune Heia

Tove Heia

Torfrid Austad

Artikkelen held fram under annonsen.

Knut A Austad

Gunnar D Ose

Ingebjørg Heistad

Vigdis Beisland

Ove Austad

Ingunn Håvorstad

Sven Uleberg

Anne Gyro Haugen

Artikkelen held fram under annonsen.