– Brevet frå soknerådsleiaren

Underskriftskampanjen som vart levert 7. januar 2021 handla om at Hylestad kyrkje skal vere open i same grad som Valle kyrkje. Det går fram av Åge Rysstad sitt lesarbrev i Setesdølen den 3. juni 2021 at denne underskriftskampanjen ikkje har vorte handsama i Valle og Hylestad sokneråd. Difor føler eg eit ansvar for å la Setesdølens lesarar få sjå eit brev eg fekk frå soknerådsleiaren den 22. februar 2021.

Sitat:

“Svar på brev frå Anna Rysstad. Soknerådsleiar mottok 07.01.21 ei underskriftsliste, underteikna av Anna Rysstad på vegne av bygdefolk frå Hylestad. Oppropet var også sendt til Setesdølen, og det sto i avisa 12.01.21. Det vart stilt spørsmål til Valle og Hylestad sokneråd, til soknepresten og til prosten. Soknerådsleiaren svara på spørsmåla i Setesdølen 14.01.21. Dette svaret var godkjent av prest og prost og eit fleirtal i soknerådet. Anna Rysstad hadde nytt innlegg i Setesdølen 21.01.21. Ho fekk svar frå soknerådsleiaren på SMS, då ho ikkje hadde lagt fram si e-postadresse eller postadresse. Anna Rysstad sende soknerådsleiar SMS dagsett 12.02.21 der ho skriv at ho ikkje har fått svar på sine spørsmål. Ho skriv “no lyt me få svar på desse, dei som har skrive seg på lista (underskriftslista) har krav på svar”. Eg trudde at alle i Hylestad som stod på lista hadde abonnement på Setesdølen, eller i alle fall las avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der ville dei fått svar på sine spørsmål! Vi har eit kunnskapsbasert smittevern! Akkurat i dag (22.02) høyrde eg på radio at Sørlandet er på toppen i smitte. Vi kan vere takksame for at det ikkje er her oppe i fjell-Noreg. No er det vinterferie, vi veit ikkje kva det fører med seg. Smittevernrettleiaren vert stadig oppdatert, og den må vi forhalde oss lojalt til.

Konfirmantførebuingane er alt i gong - med dialog med foreldra. Vi prøver å gjere ressursbruken likeverdig. I 2020 vart det m.a. sett av ein stor sum til vedlikehald av orgelet i Hylestad kyrkje. Men på grunn av pandemien kunne ikkje orgelreparatøren frå Danmark kome til oss. Når eit vedtak vert gjort av soknerådet, må alle forhalde seg lojalt til det. Slik er det i arbeidslivet! Gjer du ikkje det, er det svikefullt, og det må ein seie frå om.

Kyrkjelydsmøte vert ikkje skipa til så lenge vi har ein pandemi som er så smittefarlig. Så snart alt har roa seg, vil vi ha eit årsmøte.

Lisbeth Dalquist Homme, soknerådsleiar.”

Sitat slutt.

Med venleg helsing

Anna Rysstad