– Valle kommune hadde faktisk venta å få vere med i arbeidet som statsforvaltaren fekk i oppdrag frå miljødirektoratet, om å utarbeide tiltaksplanar for villreinområda. Denne forventninga sa statsforvaltaren nei til, skriv Steinar Kyrvestad.

– Bygdene taper viss ein berre nyttar ekspertar utan lokalkunnskap

Fevennen har hatt fleire artiklar om villrein og det arbeidet som er gjort av faggruppene på oppdrag frå statsforvaltaren. Desse faggruppene har no levert sine framlegg til tiltak til statsforvaltaren.

Dette er tiltak som faggruppene meiner vil vere tenleg for villreinen i dei nasjonale villreinområda. Arbeidet som faggruppene har utført vil danne grunnlag for kva tiltak statsforvaltaren vil anbefale miljødirektoratet å gjennomføre i dei nasjonale villreinområda. Medlemene i faggruppene er det statsforvaltaren som har peika ut. Statsforvaltaren var svært bevisst på at i desse faggruppene måtte ein unngå å få med folk som har lokal kunnskap og godt lokalt skjøn. Skal ein berre nytte ekspertgrupper og ignorere lokalkunnskapen og det lokale skjønet, slik statsforvaltaren legg opp til, taper villreinen og bygdene.

Venta å få vere med

Valle kommune hadde faktisk forventa å få vere med i arbeidet som statsforvaltaren fekk i oppdrag frå miljødirektoratet, om å utarbeide tiltaksplanar for villreinområda. Denne forventninga sa statsforvaltaren nei til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valle kommunen møter ofte eit einsynt fokus på villrein. Me som kommune er oppteken av at det er to interesser som skal avvegast når villrein er tema. Det er å sikre villreinen sitt leveområde, samstundes som me skal sikre eit liv for bygdene, som ligg kring villreinfjella. Bygdene og villreinen har levd i sameksistens i generasjonar. Dette todelte fokuset er kommunane ofte aleine om å målbere. Det er kommunen som har ansvaret for arealforvaltninga og staten for bestandsforvaltninga.

80% av kommunen er bandlagd

Villreinområda i Valle kommune er Setesdal vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei. 95% av vassressursane i Valle kommune vert nytta til å produsere straum. Av dette vatnet vert det produsert 2 milliardar kWh (2 TWh) årleg . Store areal i kommunen er bandlagde som verna vassdrag, landskapsvernområde etter naturmangfaldlova. 80% av kommunen sitt areal på 1265 kvadratkilometer er bandlagt som Nasjonalt villreinområde. Resten av arealet er bygdeutviklingssone. Det er i bygdeutviklingssona me bur og driv næring. Naturressursane i Valle vert nytta til beste for storsamfunnet, enten til produksjon av straum eller som verdfull natur.

Trafikklysmetoden

Klassifiseringa, etter trafikklysmetoden verker svært tilfeldig og lite gjennomtenkt. Trafikklysmetoden tek ikkje omsyn til kor forskjellig dei nasjonale villreinområda er frå naturen si side. Det å leggje same krav til slaktevekt, kalv pr 100 simle og lavbeite i Setesdal Vesthei og Forollhogna (Nord-Østerdalen), kan umogleg vere rett. Kvaliteten på beite er ganske forskjellig, Setesdal Vesthei kystnært og Forollhogna typisk innland.

Ikkje på raudlista

Å framstille villrein som ein raudliste-art, er fullstendig feil. Villreinen står ikkje på raudlista. Villreinen har fått status som nær truga. Det som ikkje vert fortalt, er kvifor villreinen har fått status som nær truga. Villreinen reknast som nær truga med grunngjeving i at talet på villrein har minka sterkt, opp mot 15 %. Da må neste spørsmål verte: Kvifor har talet på villrein minka? Svaret er forvaltninga. Staten har for å utrydde skrantesjuka skote ned all villrein i Nordfjella, eldre bukk på Hardangervidda og prioritert auka avskyting av bukk. Denne nedskjotinga har ført til at talet på villrein i Noreg minka mykje. Dette har ikkje noko med lokale tilhøve å gjere, men ei villa handling frå forvaltninga (staten) si side. Det er noko ironisk det forvaltninga (staten) driv med. Måten å utrydde skrantesjuka på, er å utrydde villreinen. For å vi-te om villreinen har skrantesjuke må forvaltninga (staten) først avlive reinen.

Nasjonal politikk er årsaka

Setesdal Vesthei Ryfylke (SVR) vart raud i klassifiseringa av villreinområde. Kvifor? Jo dårleg tilstand på leveområdet, fordi viktige trekkpassasjar har dårleg kvalitet eller er stengde. Trekkpassasjane har dårleg tilstand, fordi området SVR er utbygd med store vassmagasin som er store barrierar for villreinen si vandring i desse fjellområda. Det er nasjonal politikk som er årsaka og ik-kje lokal bruk av heia.

Setesdal vesthei Ryfylke saman med Hardangervidda skåra og raudt på andel vaksen bukk i bestanden. Kvi-for? Jo, fordi forvaltninga (staten) legg til rette for nedskyting av vaksen bukk i kampen mot skrantesjuke. Igjen er det ikkje lokal politikk som er årsak til den dårlege tilstanden, men forvaltninga, nasjonal politikk.

Lokalsamfunna må betale

Atter ein gong ser me at det er lokalbefolkninga, lokalsamfunn og kommunar som må ta konsekvensane og betale rekninga for nasjonal politikk. Ved at vegar vert stengde, og tilgjenge til heiane, som me har nytta oss av i generasjonar, vert sterkt innskrenka. Dette har konsekvensar for trivsel og næringsliv i bygdene. Me ventar at konsekvensane, for bygdefolk og næringsliv, av dei tiltaka som til slutt vert valde og sette i verk, vert utgreidde.

Endå verre vert det når statsforvaltaren seier at bygdefolk og kommunar ikkje er kvalifiserte til å deltake i prosessen som no føregjeng i våre villreinfjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må sikre villreinen

Eg meiner at det bør vere ei felles haldning til, og ei felles interesse for at villreinen fortener ei sterk nasjonal verdiforankring og ei samanhengande forvaltning. Dette for å sikre villreinen inn i framtida som art, oppleving og ein ressurs me haustar av. Samstundes fortener bygdene kring villreinfjella også ei framtid.

Valle 28.09.2023

Steinar Kyrvestad

Ordførar Valle kommune