-Bykle må gjere som Tokke!

Eg er glad Bykle kommune hev snudd heilt om og nå vedteke at kvar innbyggar skal få 3.000 kroner i kompensasjon for auka straumprisar, og at dette vert utbetala føre jol 2021. Det hjelper godt.

Og dette fær alle mantalskrivne i Bykle kommune. Men takken for dette gjev eg ikkje til ordførar Næss, som hev kontakta NRK og er opptatt av eigen profilering, men heller gjeng takken min til politikar Kay Jeiskelid og nokle fleire som vann einstemmig for dette nye vedtaket.

Ei von om ei heilt ny kompensasjonsordning

Men likevel må eg få lov til å ha ei von om at Bykle kommune, i neste møte, kjem til å handsame seriøst den same ordninga med låg fast straumpris, så som dei hev tradisjon for i Tokke kommune, der den og er fast gjennom heile året. Deira spesialavtale gjeng heilt tilbake til åttitalet, og sikrar nemleg at innbyggjarane i kraftkommunen ikkje vert råka av dei rekordhøge straumprisane me nå lid under. Tokke hev difor ei fantastisk ordning etter mi meining. Med ei slik ordning hev alle forutsigbarheit og stabile høve. Tanken i Tokke kommune hev vore å hindre at private utbyggarar eller andre som ynskjer å bygge ut distrikta i Norge kom til å profittere på straumen, utan å gje innbyggarane noko form for kompensasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tradisjon med låge straumpriser

Tokke kommune hev ein fastpris på straum, såleis at når andre kommunar, likeins med Bykle, kjem med sine «tiltak» i krisetider og innbyggarane likevel må fortsette å betale heilt opp til kr 6,- for kvar kWh (kilowattime), så kan innbyggarane i Tokke kommune glede seg over ein fast pris på låge 37 øre for kvar kWh! Ja, det er kanskje heilt unikt i Norge, men kvifor ikkje det same i ein såpass stor kraftkommune som Bykle?

Bykle burde ha desse «musklane», meiner eg. Tokke kommune kunne bestemme dette fordi alle som bygger ut vasskraftverk i Noreg, må avsjå 10 prosent av produksjonen sin til produksjonspris. Og det vil seie at dette er prisen det kostar å lage straumen.

Konsesjonsinntektene og ekstrainntektene på salet

Eg vil tru at konsesjonsinntektene i Bykle kommune hev betydning og for innbyggarane i Bykle. Dette gjeld og dei inntektene som salet av straumen gjev, og som Agder Energi nå deler ut som ekstra inntekter til bl.a. Bykle. Difor peiker eg på eit ynskje om at Bykle kommune vert endå meir eksemplarisk i så måte, og dessutan meir demokratisk. Eg vil minne om at konsesjonsinntektene, så som eg hev oppfatta det, er ein 10 prosent som myndighetane hev bestemt. Den gjeld difor alle av dei kommunane som hev kraftutbygging i form av damanlegg osb. Ei fordeling av ein del av desse inntektene på innbyggarane i Bykle kommune, og då fordela på heile året med ein fast låg pris per kWh lik den i Tokke, er etter mi meining ei betre kompensasjonsordning for Bykle kommune sine innbyggarar.

Omfattande miljøskadar

For at Bykle kommune kom til å verte ein så stor kraftutbyggingskommune hev diverre påført naturen og menneskesinnet sår som ikkje let seg lækje. Ja, alt hev ein pris, og Bykle kommune sine innbyggarar hev betala sin! Mykje vakker natur er avstått, og gardar hev vorte sletta frå kartet for all æve. Dette hev og råka «sjela» i Bykle, kan hende ei av dei største miljøskadane som ein kommune hev fenge i moderne tid. Difor meiner eg at desse skadane ikkje kan bøtast på nokon måte. Sidan Bykle kommune hev vorte rikare, kan ein i alle fall unne kvar innbyggar ein fast makspris på straumen. Dette er sikkert mange med meg einige om.

Helsing

Kjell Erik Guddal