Jan Olsen, ein fargeklatt i Bygland i over 50 år, fyller 70 år 14. mai. (Foto: Sigurd Haugsgjerd)

Cuba-Olsen blir 70 år laurdag: – Han var den skærpeste som gikk ud av realskolen hær nede

Ein velkjend mann i Setesdal og landsdelen elles, Jan Løberg Olsen frå Jordalsbø i Bygland fyller 70 år førstkomande laurdag, 14. mai. Etter 20 år med sykkelleveransar og mykje meir i sin private hjelpeaksjon til støtte for fattige born på Castro si gammalkommunistiske øy midt i Karibien, har han av mange fått nemninga Cuba-Olsen.

Den initiativrike jubilanten har imponert dei fleste med kvilelaus innsats gjennom mange år til beste for ei rekke gode tiltak i lokalmiljøet, men også med syn for dei som har det langt verre i det daglege.

Alt frå drift av idrettslag og ungdomslag her heime til scene i den gamle gymsalen på Bygland, har teke av hans tid og krefter. Scena var forløparen til det som i dag blir kalla Bygland kulturscene. Også fleire variantar av idrettsanlegg har han gjennom åra engasjert seg i. Både Afrika-dagar og marknadsdagar av ymse slag har han tatt hand om, alltid til eitt eller anna ideelt føremål. Dessutan lika han at det skjedde noko i Bygland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kom til skogskulen

Ungguten som kom til skogskulen på Bygland før han hadde gjort seg ferdig med militærteneste, blei tett knytta til bygda i alle år sidan. Han hadde sitt opphav i den gamle seglskutebyen ute ved kysten, men arendøl lika han ikkje å bli kalla. For han kling byglending langt betre.

Etter så mange års tenestetid må han då også ha rett på både å ikle seg dalebukse og bli rekna likeverdig med dei innfødde. Likevel er det ein skilnad, for Jan Olsen er meir initiativrik enn dei fleste. Og han likar å reise.

Gjennom åra har han farta verda rundt, sykla åleine gjennom store delar av Israel og berre tatt seg tid til bading av og til. Han har også vore saman med eit knippe byglendingar om å rydde opp etter vindfall i Tyskland for 50 år sidan.

Skogsarbeidar

Det er altså skogsarbeidar Jan Olsen har vore, i periodar entreprenør med eigen maskin og utstyr, men ofte det gode gamle alternativet til nisjehogst som folk trong manuell arbeidskraft for å få utført.

Innimellom har han også vore bygdesnikkar av beste merke, ein løysingsorientert, praktisk mann som fann ut av dei vanskelegaste problemstillingane. For Jan Olsen har hatt det både i hovudet og føtene som det heiter. Ein arendalitt fortalde for nokre år sidan at han visste om Jan Olsen frå gutedagane.

– Han var den skærpeste som gikk ud av realskolen hær nede, sa han.

Men Jan Olsen let det bli med realskuleeksamen. Han ville ut i skogen så fort som råd var, og der vart han så lenge helsa heldt.

Cuba-innsatsen

Dei siste 20 åra har altså all interesse og innsats for cubanske born tatt det meste av tida hans. Når det hender at han er her heime, bruker han tida på å samle inn stadig nye sykkelgåver, gjerne halde eit sykkel/Cuba-kåseri om den gode saka og halde nettverket oppdatert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har tatt i bruk ny teknologi, om enn litt motvillig i starten. Når han ser nytten, aksepterer han utviklinga, slik han også gjorde det på 70-talet då han skreiv harmdirrande lesarinnlegg mot vegljos i Jordalsbø, men aksepterte det etter kvart. Han var også motstandar av snøscooterbruk til han såg nytten både for idrettslag og andre i arbeidet for å styrke folkehelsa.

Starta i arbeidsleir

Sjølv om han i si tid starta Cuba-engasjementet ved å melde seg på ein kommunistisk arbeidsleir på øya, engasjerte han seg partipolitisk i Venstre her heime og sat i kommunestyret i nokre år. Endåtil der, i eit parti som plar tillate at kvar medlem har si meining, vart Jan Olsen eit stadig uromoment, ei temmeleg laus kanon på dekk på ei skute som gjerne trong litt stø kurs. Difor vart også hans partipolitiske liv ganske kort.

Samfunnssynsar

Gjennom åra har Jan Olsen vore ein aktiv samfunnssynsar, ei kritisk stemme på både lokalt og nasjonalt nivå når han synest det høver, men har også vore ein varm støttespelar for det meste av det som godt er i eit bygdelag. Han har engasjert seg i alt frå privat vegstyre i eiga bygd til 17.mai-underhaldning for heile kommunen. Og seier han ja, er engasjementet alltid hundre prosent, slik det også plar vere når han tyr til pennen.

Jan Olsen eig evne til å sjå sine medmenneske, og ikkje minst sette pris på det store i det små. Om han i kvasse debattar kunne opptre respektlaust, har han i mange samanhengar vist stord vørnad for einskildmennesket. Han har aldri vore redd for å ta i eit tak for andre.

Med eit varmt hjarte har han brukt tid og krefter på det som både han og mange av oss andre meiner har vore til gagn og glede for fleire enn han var klar over.

Sigurd Haugsgjerd