Ingart Blikra er ny lokallagsleiar for Demokratane i Arendal.

Demokratane vil ha betre matvareberedskap

Ja, no er snart årets viktigaste valg for døra. Noen er alt ferdige med borgarplikta. Det er viktig å stemme rett i år. Me har sett og lese kva vår fråskriving av våre vassressursar til EU no slår ut på straumprisane våre.

Ein ekspert uttalte at me måtte rekne med å betale 2000 kroner meir i straum pr.mnd i vinter enn i fjor. Dette kling nok som søt musikk hos våre svakaste i samfunnet. AP såg ikkje noko problem med drivstoffpris på 20-25 kroner pr liter. Kven lir her? Jo, dei svakaste som ikkje har råd til luksusbil (EL-bil).

Me har norgesrekord i å bygge dyre vegar med bomfinansiert utbygging. Kven lier her? Jo, dagpendlarane som ikkje ein gong får trekke bompengane frå på skatten, og våre svakaste. Dei med luksusbilen (EL-bilen) skjer klar her og.

Artikkelen held fram under annonsen.

Matvareberedskap

Men det aller viktigaste det nemner ikkje politikarane våre med eit ord. Mat. Me har eit kriselager for nokre få tusen i nokre dagar, det er alt me har av beredskap.

Det som er nemnt over, er me i mot i Demokratane og vil ha det fjerna så nær som matberedskapen vår. Den vil me styrke med beredskapslager for korn mange plassar i kongeriket. Me vil og styrke økonomien i landbruksnæringa. Det gjer me på tre måtar. Målpris må inn igjen i jordbruksavtalen. Det må meir midlar inn i næringa, og ikkje minst: Midlar som jordbruksavtalen utløyser skal inn på bondens konto, ikkje slik som no at ein god tredel ikkje kjem dit, men landbruket blir skulda for store overføringar frå Staten.

Mat og medisinar

Demokratane er også opptekne av kvifor me skal ha 15% moms på mat og 25% på medisinar. Desse to utgiftene kan me fjerne, for det vil kome heile samfunnet til gode. Det kan finansierast ved å stoppe exporten av midlar ut av landet, men bruke dei internt.

Er du enig med vår tankegang, så er mulighetene der no ved å stemme på Demokratane. Skulle du vere uenig i dette, så ligg det andre alternativ der og.

Ingart Blikra

Leiar Demokratane i Arendal