Den forsiktige påska

Det stundar mot langhelg og påskefri for dei fleste, men det blir ei merkeleg påskefeiring denne gongen. Dei siste restriksjonane som inneber nye nedstengingar i samfunnet vil påverke dei fleste av oss. Det er ikkje berre krav om å auke den fysiske avstanden mellom oss menneske, og at me berre kan ha besøk av 2 personar utanfrå i hus og heim som legg dempar på så mykje. For mange vil krav om total skjenkestopp gjere den stille veka endå stillare. Bra, vil sikkert somme seie, men for det sosiale utelivet blir det kanskje nesten som under krigen då det var forbod mot å samle folk i store mengder.

Samanlikna med påska i fjor, då det var forbod mot å dra på hytta dei fleste stader, får ein i år trøyste seg med at ein i det minste kan kople av til fjells sjølv om nedstenginga hindrar mange i å gjere påska til den familiefeiringa den tradisjonelt har vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

Påska er framfor alt ei religiøs høgtid, men også i den samanhengen vil mange oppleve at ingenting er som før. Alle gudstenester i prostiet er avlyste, også friluftsgudstenstene. Alt blir gjort fordi ein har kome til at det beste tiltaket for smittevern er kort og godt at folk skal treffast så lite som råd er. Hald deg heime! er eitt av råda, men dreg du til fjells eller andre stader, så hald deg unna der det er mykje folk. Difor kan ein heller ikkje tilrå kyrkjelege samlingar.

Viss ein kan godta at unntakstlstanden må vare ei stund til, må ein finne glede og trøyst i det beste med situasjonen: Helga kan bli eit pusterom for tru og tanke der ein får sinnro og harmoni fordi det er så mykje som må bli sett på vent. Det gjeld også slikt som vanlegvis kan gjere oss stressa og flyktige, skape uro med tanke på alt det ein skulle ha gjort. No er det nesten som under den såkalla ”bensinkrisa” med bilfrie dagar på 70-talet. Folk la om levesettet, i alle fall for ei stund. Med corona-pandemien har me kanskje skaffa oss vanar og livsførsel som også kjem til å vare ei stund etter at ein har fått kontroll over epidemien.