Aenar Kjetså døydde på Evjeheimen 7. februar og blir gravlagd ved Hornnes kyrkje førstkomande tysdag 20. februar.

Den siste jordbærkongen er død

Han mangla berre ei veke på å bli 96 år, den siste av jordbærkongane i Hornnes, Arnar Kjetså som døydde på Evjeheimen 7. februar.

Med han er ein flink fagmann, ein trugen arbeidsmann og framfor alt eit gildt menneske gått ut av tida. Arnar Kjetså var hagebruksmannen som i tillegg til syn for godt stell med planter og vekstar også hadde idear og kreativitet til å gjere mykje ut av det han nesten kjende som eit kall, å dyrke jorda.

Arnar lærde tidleg å arbeide, for faren døydde då han var 12 år gammal. Saman med bror sin, Sigbjørn, som døydde for nokre år sidan, utvikla Arnar frukt- og bærdyrking i ein skala som etter kvart gav dei ry som jordbærkongane på Agder. Like frå Rogaland og austafrå kom folk med bøtter og spann for å plukke jordbær i åkrane som Brødrene Kjetså hadde stelt så vel med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bestilte 800 nye tre

Frå tidleg på 60-talet og framover låg åkrane der, vakre og innbydande då plukkarane dukka opp. I tillegg til innleigd arbeidshjelp var det mykje sjølvplukk. Alle stader var det kvalitetsbær og velstelte planterekker som møtte kjøparane.

I tillegg til jordbæra satsa Kjetså-brødrene på fruktdyrking både på eiga og innleigd mark. Då han var 87 år, bestilte Arnar og den fire år yngre broren 800 nye plommetre!

– Dei vil ikkje gje full avling før om 6 år, sa Arnar optimistisk til avisa.

Arnar greidde alderen, men helsesvikt gjorde at han mått gi seg med fruktdyrkinga før den inngrodde interessa hans for arbeidet hadde teke slutt.

4H og soknerådet

Ved sida av det nesten heilage oppdraget han sikkert kjende på der han vandra mellom frukttrea, hadde Arnar mange andre interesser. Han vart ei inspirasjonskjelde for ungdommen både i Grobotn 4H og i den kristelege ungdomsforeninga. I tillegg var han sterkt engasjert i Setesdal hagelag som han var med på å skipe i si tid. Dessutan var han ein mann med eit varmt hjarte for det kyrkjelege arbeidet. Han var leiar i Hornnes sokneråd og aktiv i det religiøse livet elles i mange år. Då det i si tid stod strid om det lokale presteskapet, ein strid som skapte motsetnader og skilje i kristenflokken, var Arnar Kjetså den milde og imøtekomande som vende det andre kinnet til. Han tok vel imot sine medmenneske same kva oppfatning og framtoning dei måtte ha. Arnar Kjetså var ei tolerant sjel som tolde å høyre også det han ikkje utan vidare kunne slutte seg til.

Kongens fortenestemedalje

Lokalpolitisk høyrde han heime i Venstre, men han var ikkje så aktiv i partipolitikken, kanskje fordi arbeidet på eigedomen tok det meste av tida.

For sin samfunnsnyttige innsats vart han heidra med Kongens fortenestemedalje for nokre år sidan.

Dei siste åra budde han på Evjeheimen. Det var alltid gilde stunder når det hende at me møttest der. Han var eit godt menneske. Difor er det mange som vil bere på gode minne etter han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigurd Haugsgjerd