Det ”Veke 6” eigentleg handlar om

Mitt namn er Anette Hovstad, og eg arbeider som sosiallærar og rådgjevar ved Bygland oppvekstsenter. Eg har fleire år som kontaktlærar på småskulen bak meg og difor ein del erfaring med kampanja “Veke 6” i bruk i klasserommet.

I Opplæringslova står det tydeleg at heimen og skulen har eit felles ansvar og at vi saman skal forme elevane til gode og samfunnsengasjerte menneske. Det er fint at Dag Refsnes etterspør meir informasjon om kjønns- og seksualundervisninga i skulen. Kampanja “Veke 6”, som han siktar til, har utvikla undervisningsmateriell for grunnskule og vidaregåande skule dei siste 11 åra. At organisasjonen som fører kampanja heiter Sex og Politikk, kan nok for mange vere skremmande i seg sjølv. Sex og Politikk er ein partipolitisk uavhengig organisasjon som arbeider for å styrke og informere om seksuell og reproduktiv helse og rettar, både i Noreg og internasjonalt.

Nøye tilpassa aldersgruppa

Undervisningsopplegget skulane får tilbod om å bruke, er delt inn i fire: 1.-4. trinn, 5.-7. trinn, 8.-10. trinn og VGS. Opplegga er altså nøye tilpassa alder frå organisasjonen si side. I tillegg får kvar skule som registrerer seg tilgong på alle undervisningsopplegga og kan vidare velje ut kva for opplegg som passar dei enkelte elevgruppene. Her meiner eg ein må ha tiltru til lærarane og fagarbeidarane som arbeider tett med elevane sine kvar einaste dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

I barneskulen handlar undervisninga mykje om til dømes vennskap, ulike kjensler og grensesetjing knytt til eigen og andre sin kropp. Dei små elevane lærer om kva som er greitt å gjere mot/med andre og kva som ikkje er det.

Grenser og samtykke

Undervisninga handlar også om det å bli kjend med kroppen sin og vere trygg i den. I ungdomsskulen kan undervisninga også dreie seg om dette, men også om emne som pubertet, vennskap, forelsking og seksuell utforsking. Grenser og samtykke er også sentralt.

Som sosiallærar og rådgjevar meiner eg dette er noko av det viktigaste vi kan lære dei unge - å ta vare på seg sjølv slik at dei kan meistre livet på godt og vondt. I min arbeidskvardag vert eg godt kjend med mange elevar som treng å øve på å takle eigne kjensler og som strevar med å delta i fellesskapet. Dei treng å kjenne at dei høyrer til - uavhengig av korleis dei vel å kle seg eller kven dei forelsker seg i.

Må få vite kva som er rett og galt

Desse elevane treng å kjenne at dei er gode nok, akkurat som dei er. Dei treng å vite kva som er rett og galt, og kven dei kan få hjelp av om dei opplever urett. Eg vil også trekke fram den viktige førebygginga av rusmisbruk, overgrep og annan kriminalitet, som “Veke 6” kan vere med på å skape. Det er dette “Veke 6” eigentleg handlar om.

Håper dette var informativt og at vi no kan vise tillit til undervisningspersonellet som verkeleg gjer så godt dei kan for elevane dei er så glade i.

Anette Hovstad