– Med desse løysingane vert mange eldre utestengde frå fleire viktige område i samfunnet. Det gjeld bank, forsikring, telefon, fjernsyn, straum, tannlege, helse, stat og kommune, netthandel, hente skjema på nett, få tak i billettar til kulturarrangement, ja, på mest alle felt støyter ein på hindringar, skriv Inger Juvastøl. (Arkivfoto)

– Digitalt utanforskap blant eldre

Det vert sagt og skrive mykje om utanforskap på fleire arenaer. Denne gongen vil eg ta opp problemet med digitalt utanforskap. For oss som er eldre er det fort å bli isolert frå samfunnet utanfor stoveveggen.

Det kan vere sjukdom, uføre, tap av høyrsel, sjølve det å bli gammal, som set oss i utanforskap. Sjølv om eldreomsorga, og friviljuge, er flinke til å hjelpe, slik at vi kan bli med på nokre aktivitetar, så vert mange likevel mykje åleine.

Det som har skuva oss endå meir utanfor samfunnet, er den digitaliseringa som har skjedd, og framleis skjer, i rekordfart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre framoverlente unge menn (les blåruss), er så nasegrus forelska i den digitale omstillinga i samfunnet at det kan ikkje gå fort nok. Difor kjem det og mange uferdige løysingar ut på marknaden.

Dei kan heller ikkje forstå at ikkje alle heng med; dei kan då bare gå på kurs? Dei unge kan ikkje, eller vil ikkje, sjå rekkevidda av kva det gjer med kvardagen til eldre menneske.

Det er då så lett med data og det gjer kvardagen så mykje enklare!

Utestengde frå viktige område

Men med desse løysingane vert mange eldre utestengde frå fleire viktige område i samfunnet. Det gjeld bank, forsikring, telefon, fjernsyn, straum, tannlege, helse, stat og kommune, netthandel, hente skjema på nett, få tak i billettar til kulturarrangement, ja, på mest alle felt støyter ein på hindringar. Det er svært få firma som oppgjev telefonnummer, og om du finn dei, så tek dei ikkje telefonen lenger.

Det er så uverdig å måtte ha andre til å ordne alt, sjølv om det er ein son eller ei dotter.

Mange eldre har ikkje etterkomarar, og må i banken for å få hjelp, om dei då er mobile?

Det er lett å seie: ”De må gå på kurs”. Men har dei som styrer dette heilt gløymt at mange som er gamle nå kanskje berre har 7 års folkeskule, og har slett ikkje lært engelsk? Det er verkeleg eit aber, for dei fleste datautrykka kjem frå engelsk. Dessutan er det kun opplæring ein til ein som duger.

Kontrollen på eiga helse

Av alt dette er det verst å må gje frå seg kontrollen på eiga helse. Ein lege har skrive om dette, og seier det er vanskeleg når pasientane ikkje ein gong har ein smarttelefon eller ei bankbrikke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit døme på korleis kvardagen kan vere for einskilde eldre. Bilkøyring går kanskje bra enn så lenge, men så er det å få parkert i byen når du ikkje kan bruke myntar, kanskje ikkje kort, eller endå verre, om det er ein app du treng.

Nei vel, så får ein ta bussen, då. Men der tek dei ikkje kontantar lenger, og du får knapt nok betale med kort, for der og har appen teke over.

Det verste av alt er at om du har son eller dotter til å hjelpe med banken, så er det ikkje heilt etter boka, for då skulle dei ha vore verje for deg.

Trollskap i pad’en

Så er det livet til dei som har lært seg litt av det mest naudsynte. Det er ein lang kamp å komme dit. Meir enn ein gong har eg trudd at det er trollskap i pad’en.

Det viktigaste ein kan lære seg å bruke er bank, men det er også greit å ha e-post, kunne lese aviser på nettet og klare helsenorge.no.

Om du lurer på å ta steget inn i den digitale kvardagen, så ta ein ting om gongen! Men stadig kjem det endringar….

Best som du har lært deg mobilbanken, nei, så kjem det noko nytt, på grunn av sikkerheita, seier dei. Tenk om eit oppsett kunne vare meir enn eit halvt år?

Sosiale plattformer

Så har me alle dei sosiale plattformene som kunne vere av verdi for mange eldre. Det gjev kontakt med omverda om du sit mykje heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan kommunisere med familie og venner på facebook og snapchat. Også Google, då. YouTube er også moro å kunne bruke, og det er praktisk med vipp’s. Instagram er bra for dei som liker å fotografere. Så får Tinder, Tik Tok, Twitter og kva dei nå heiter, leve sine liv i fred!

Ein blir kanskje ikkje lukkeleg av å vere på sosiale medie, men ein har det heller ikkje bra om ein har meldt seg heilt ut. Der er nok av utanforskap. Mange gonger kan ein kjenne seg ”avskilta”. Det gjer vondt. Kunne ein ikkje bremse opp dette hardkjøret mot eldre, og komme med nokre overgangsløysingar til tida er inne for at dei eldre som kjem etter oss, har den digitale kunnskapen med seg?

NAV lukkar seg inne

Det hender nokon tenker på oss. Eg meiner ein eller annan minister ville pålegge bankane å ha overgangsordningar som er overkommeleg i pris.

Men NAV lukker seg meir og meir inne. Både personlege møte og telefonmøte er vanskeleg å få til. Her skal det vere digitalt. Er alle som treng hjelp av NAV sjølvhjelpte på nettet?

Eg trur ikkje det.

Her er mykje å ta tak i for den politikaren som vågar.

Inger Juvastøl, Evje