Draumen om Ukraina

Omdikting frå Arnulf Øverland sitt dikt, ”Du må ikke sove”. Av Hallvard T. Bjørgum

Eg vakna i natt av ein merkjeleg draum.

Ei røyst frå Jorda sin understraum:

Artikkelen held fram under annonsen.

Er eg fordømd? Ukraina blør!

Røysta ho seier, du må ikkje sove!

Du må ikkje sove og tru det er drøymt -

Me veit ikkje kvifor me ligg her og ventar -

kva land som vert neste, og kven som dei krenkjer.

Me klagar vår naud, for me vil her vere,

kan de no ingen ting meir for oss gjere….

De ser det på fjernsyn, de ser det som hender.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvi trur de at alt til det beste seg vender?

De vonar at ikkje det verste skal skje -

dei oss med atomvåpen trugar i kne.

Me lengtar til fridomen ein gong få att:

Du må ikkje sove, meir i natt!

At bjørnen sin tanngard imot oss vender -

og då at det verste oss alle hender.

Verda har gløymt oss, me er av dykk svikne –

Artikkelen held fram under annonsen.

som utturka blomar du snart ser vil blikne.

Slik broderfolk ikkje kvar andre kan gjerast

med makta å bruke, til dei å tenast.

Du må ikkje sjå i ditt rekneskap -

og tenkje på kva der gjev vinning og tap.

Du må ikkje sjå over dal og hei –

og slik berre tenkje, stakkars dei -

og ikkje tole så hjarteleg godt

Artikkelen held fram under annonsen.

at andre vert drepne med egg og odd.

Som diktaren byd, berre gå i oss sjølve –

og finne deg svar kvi du ligg der og syvjar.

Du må ikkje skulde på åker og fe,

og tru du har meir enn nok med det!

Eg ropar med seinste pust av mi røyst –

Du må ikkje tru alt i morgon er gløymt!

Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer –

Artikkelen held fram under annonsen.

dei puster på vondskapens gloande glør!

Dette er ikkje vår vilje og mål -

å døy mellom asfalt, betong og stål.

Dei ønsker å drukne oss alle i blod!

Trur du det ikkje? Du veit det no!

Draumen meg seier, det er for seint –

Eg skjøna det ikkje, var dette slik meint?

Min dom er rettferdig, mi straff er fortent -

Artikkelen held fram under annonsen.

du trudde på siger, eg trudde på fred -

på arbeid, på samhald, på kjærlegheit.

Kven som ikkje vil døy i ein flokk, er dei.

Eg roper i mørkret: det einast å gjere –

stå skulder ved skulder, vårt redningsland vere.

Din fridom er gjeven, vår fridom på borg –

Ukraina i fare, dei sprengde vårt torg.

Verge meg du, med di frie hand!

Frels dine born! Europa i brann!

Eg skaka av frost og fekk på meg klede -

ute var glitrande stjerneveret.

Og Ukrainas sjæl ho frys og skjelv -

der folki døyr når bomber fell.

Berre ei ulmande stripe i aust -

varsla at helvete no var laust.

Eg tenkte: No er det noko som hender –

at alle som ein seg mot slaktaren vender!

Dagen bakanfor Jorda si rand -

steig med eit skjær av blod og brann.

Steig med ein otte så andelaus

at det var som om sjølve stjønnene fraus!