Ein ekte fjellgarding er borte

Ein av dei siste av dei gamle fjellgardingane øvst i Setesdal, Bjørgulv Hovden, gjekk ut av tida 13. januar, 80 år gammal. Familie og vener tok avskil med han i Bykle kyrkje tysdag 26. januar. Der kom godorda tett frå både kone og born som takka ein kjær ektemann og familiefar.

I meldinga her i avisa vart det nemnt spesielt at Bibben, som han vart kalla i det daglege, sette born og un-ge høgt. Difor vart det i staden for blomar teke imot ei gåve til den nye Fjellgardshallen som samlar dei yngre generasjonane på Hovden.

Bjørgulv var stolt av familien, både kona og dei fem borna, og ikkje minst

Artikkelen held fram under annonsen.

samhaldet dei imellom. Han gledde seg over at dei hadde greidd seg så godt, og han visste at dei bar vidare ein arv som også innebar evna til å finne løysingar og kome seg vidare.

Det har dei bruk for også no når denne kjempa har falle, for Bjørgulv var eit midtpunkt i familien om han ikkje tok så mykje plass.

Historie og kultur

Han bar på ein historie, ein kultur og eit mangfald. Nesten stilltiande lærde han frå seg verdiar som i dagens samfunn blir meir og meir borte. Han hadde eit roleg gemytt, stødig og trygg anten han var i det heimlege miljøet eller han deltok i dramatiske leiteaksjonar i fjellet. Alltid roleg og trygg.

Alt som 16-åring fekk han seg jobb som reinsdyrgjetar, og han vart fort ein allsidig praktikar, ein skogens og naturens mann. Han visste kor dyra gjekk. Der dei vandra, der gjekk og-så Bjørgulv. På same måten kjende han fjellvatna og visste kor fisken var

anten han tok med borna til Langevatn eller Storheddervatn. Då kunne han også lære dei å sette ut fiskegarn utan å ha båt. Bjørgulv vart då også ei viktig informasjonskjelde i bokprosjektet om tamreinhistoria øvst i Setesdal.

Allsidig arbeidsliv

Han var nest yngst i søskenflokken på 5 heime på Plassen. Skulegangen sin hadde han på Fjellgardane skule frå 1947 – 53. Seinare fekk han altså eit svært allsidig arbeidsliv. Han var maskinførar, snikkar, målar, anleggsarbeidar, og han var mellom anna med på å bygge ut skiheisen på Hovden. Med sitt gode handlag bygde han og selde hytter, tok på seg løypekøyring om vinteren og han hadde brøyteoppdrag i nærområdet.

Mot slutten av arbeidslivet var han tilbake på Hovden skisenter og køyrde heis.

Han var ein arbeidsmaur som helst ville sjå nytten i det han engasjerte seg i. Difor var det nesten også eit mirakel då han tok til å spele golf ved Ørnefjell etter å ha fått smaken på det under ei reise nordpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den gode hjelparen

Bjørgulv las mykje, Difor var han kunnskapsrik og sjølvlærd i det meste. Han brukte den tid som han tykte han trong når han heldt på med noko, men han sparte seg ikkje, og han gav seg som regel ikkje før han var ferdig.

Gjennom åra har han vore ein omsorgsfull familiemann som med sine praktiske evner også vart til god hjelp for borna etter kvart som dei har etablert seg og bygt seg hus. Og ikkje minst gleda ved å sjå til saman 10 barneborn vekse fram. Bjørgulv var ikkje mannen med dei store orda og dei sterke kjærleikserklæringane i det daglege, men smilet i møtet med sine næraste og den gode armkroken var noko borna etter tur lærte å sette pris på.

Verdiar å ta vare på

Når også Bjørgulv Hovden no er borte, må ein berre slå fast at det er tynt i flokken som er att av gamle fjellgardingar. Han var ein stillfarande, men klok fjellmann som frå barnsbein hadde lært å løyse det meste på eiga hand, som den gongen han nyforlova var med Gerd på påsketur til Storhedder og måtte ordne skibindingen hennar. Han fann gammalt stål frå bardunen til hytta og løyste problemet for alle skiturane i den påska, også heimturen.

Slik var han. Beste måten ein kan hegne om verdiane han bar med seg, er å ta vare på det beste i dei.

Sigurd Haugsgjerd