– Ein utruleg fin park
Mineralparken i Evje og Hornnes er ein utruleg fin park, der vi kan samle alle venene våre, og kose oss på ein fin sumardag.
Elevane i 8-2 på Evje ungdomsskule har engasjert seg i ulike saker i lokalmiljøet den siste tida. På skulen har dei arbeidd med å skrive debattinnlegg, innlegg som nå blir publiserte i Setesdølen.
Vi likar veldig godt Mineralparken fordi det fins mange ulike aktivitetar som til dømes å bade, gå inn i ei gruve og å gå på skattejakt etter forskjellige ting.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eller om du heller vil vere litt i aktivitet, så er det perfekt å dra ut igjen til den lille leikeplassen nesten midt i parken.
Viss du blir svolten etter å ha bada og herja rundt i parken, så fins det ein liten kiosk rett med leikeplassen kor du kan få varm mat, som for eksempel pizza og pølse. Viss du er i Mineralparken på ein varm sumardag, er det perfekt med ein is frå resepsjonen.
Isabelle og Selma,
8. klasse ved Evje ungdomsskule