Ein velfortent takk

«Austad Gama» og me i arbeidsgruppa for Austad gamle kyrkjegard vil rette ein stor takk til formannskapet i Bygland - og Agder fylkeskommune ved Hovedutvalg for næring, kultur og miljø for positiv handsaming av søknaden vår om ferdigstilling av kyrkjegardsmuren på Austad gamle kyrkjegard.

Det økonomiske handlingsrommet me no får, vil truleg gjere det muleg for murarmeister Eystein Greibrokk å fullføre muren i løpet av sommaren, eit etterlengta mål for oss sidan arbeidet blei påbegynt i 2020.

I fylgje kostnadsoverslaget til Eystein vil det i etterkant av muren også vere midlar til vidareutvikling av kyrkjegarden som eit interessant og verdifullt kulturminne. Planar for - og gjennomføring av dette vil me jobbe vidare med saman med Bygland kommune jfr. grunngjeving i vedtaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Våren 2025 planlegg me ei offisiell markering av den ferdigstilte muren som ramme rundt eit historisk og kulturelt program. M.a vil Tarkjel Aslakson Austad og Håvard Hedde «gjenoppstå» i ord og tonar, og både «Sordølen» og Harde Aslak vil ha sine historiar å fortelje.

Knut A. Austad, Andres Helle og Torhild Austad