Elevar ved Bykle ungdomsskule sørger for at desse to cubanske smågutane får sitt livs julegåve. Eit skur kledd med palme-hun, utan golv og med eit tak som lek, blir skifta ut med eit anstendig lite hus på 15 kvm.

Eit dagsverk for ei litt betre verd

Heile livet har dei to små karane budd i dette skuret. Den einaste forma for dusj dei har opplevd, er vatnet som renn ned gjennom taket kvar gong det regnar. Cuba har regntid frå april til september…

Ajeo (9) og Mikea (4) er to av alt for mange her som bur frykteleg kleint. Taket lek, jordgolvet har berre nokre restar av takpapp som dekke. Bad har dei ikkje, doen er ei bøtte bak eit forheng. Inne i skuret har familien to senger, ein gamal TV, eit kokeapparat og nokre hyller. Bord eller stolar har det aldri vore i denne heimen. Sko og klede er det svært lite av, og leiktøy har dei to smågutane aldri hatt.

Dei to opplevde eit lite ljospunkt i livet då dei fekk syklar, sko og klede frå Setesdal for to år sidan. Men pandemi og Russland sin krig, skuva raskt familien attende til håpløysa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men så ville det seg slik, at elevane ved Bykle ungdomsskule ynskte ein liten vri på årets Operasjon Dagsverk. Pengane dei tente, sendte dei til «Sykler til Cuba». Dermed blir kvar krone brukt til å gje to cubanske smågutar eit anstendig hus.

På grunn av stor varemangel og høg prisstigning, starter me forsiktig med eit «hus» på 15 kvm, der 4 kvm er eit lite bad. I tillegg må me grave og støype septiktank.

Me takkar både Bykle-elevar og arbeidsgjevarane deira for ein fin startkapital på elleve tusen kroner, og håper på fleire rause setesdølar.

Så vil nokon innvende at det er mange rundt omkring i verda som har det verre enn desse to smågutane. Det er sjølvsagt rett, men den evindelege diskusjonen om kven som har det verst, hjelper ingen.

Gjer som elevane i Bykle, velg eit prosjekt og gå for det. Det er nok fattigdom i verda til alle som vil gje ei hand.

Så vil eg ynskje alle Setesdølen sine lesarar ei velsigna jule-høgtid og god helse i året som kjem.

Playa Baracoa, Cuba

19. desember 2022

Artikkelen held fram under annonsen.

Jan Olsen, dugnadsleiar,

«Sykler til Cuba»