–Eit godt tilbod til eldre

Ettersom vi blir så mange eldre i samfunnet, må noko gjerast for å halde oss på beina så lenge som mogeleg.

For ein generasjon sidan var det slik at dei som vart gamle sette seg i ein stol, og meinte dei fortente det, ettersom dei hadde slepa og slete gjennom mange år. Slik er det ikkje lenger. Den nåverande generasjon av eldre vil gjerne vere aktive, klare seg sjølve, og vere ein del av samfunnet så lenge som råd.

Dette er og i statens interesse, og etterkvart har vi fått fleire gode ordningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opptrening

Ei av dei er tilbod om trening/opptrening hos fysioterapeut. Mange kjenner ordninga, fordi dei er blitt henvist av lege for å trene i håp om å utsette ein hofteoperasjon, eller dei får opptrening etter operasjon. Dei som ikkje kan ta seg fram til treningsstaden, får dekka drosje. Men ein må slett ikkje vere så klein for å kunne trene hos fysioterapeut.

Før måtte ein ha henvisning frå lege for å komme inn, og ein måtte betale større eigenandel. Der var eit eigenandelskort 2 som dekka fysikalsk behandling når ein hadde nådd taket på ca 2000 kr. Nå er eigenandelskort 1 og 2 slått saman, og taket er nå 2400 kr.

På benken

Det gjer det veldig rimeleg å trene i fysikalsk studio. I tillegg til øvingar, kan ein også få behandling ”på benken”, om ein treng det. Det avgjer fysioterapeuten. Vi har dette tilbodet i Evje sentrum, og du treng ikkje anna grunn for å bruke det, enn at du vil halde deg i form. Det skil seg frå treningsstudio på fleire måtar. Du får ei fast tid to dagar i veka, då på eit parti med andre ”likesinna”. Det er veldig sosialt, og hjelp og rettleiing er der heile tida.

Treningssenter er også bra, du kan komme og gå som du vil. Men der er ikkje rettleiing heile tida. Du får eit program ved start, og kan få ny gjennomgang når du ønsker det. Det er heller ikkje dyrt for pensjonistar.

Når eg skriv dette, er det fordi at eg har i kjensle av at ikkje alle veit om tilbodet hos fysioterapeut, og ordninga med at eigenandelskort 1 og 2 er slått samman. Det er til veldig god hjelp for oss som har fleire skavankar. Det er veldig sosialt, og gjev oss høve til å halde oss i form så lenge som mogeleg.

Inger Juvastøl