Eit ja-menneske er borte

Han var eit skikkeleg ja-menneske, Alf Andersen på Evje som døydde 8. juni nær 85 år gammal.

Tysdag i denne veka vart det teke farvel med han i Evje kyrkje. Slekt og vener, gamle naboar frå Byglandsfjord der han budde i mange år, og arbeidskollegaer mintest ein velviljens mann som alltid hadde smilet på lur då praktiske oppgåver dukka opp.

Til sjøs som 15-åring

Alf Andersen var oppvaksen i Vennesla. Då han mista far sin tidleg, drog han til sjøs alt som 15-åring. Seinare var han flisleggar i Kristiansand der han møtte Tordis som skulle bli kona hans. Dei fekk tre døtrer som dei var svært stolte av. Tordis døydde for nokre månader sidan, og Alf var også prega av helsesvikt den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktiv bygningsmann

Under minnesamværet i kyrkja vart det fortalt om ein hendig og svært aktiv bygningsmann som kom til Setesdal som nygift og bygde seg hytte på vestsida av Byglandsfjorden der familien tok inn. Sidan bygde han 27 hytter langs fjorden og livnærte seg som snikkar i fleire år. Etter kvart fekk han arbeid som vaktmeister på Landeskogen og seinare på den psykiatriske sjukeheimen på Byglandsfjord fram til han pensjonerte seg.

Alle stader blir Alf hugsa som ein munter og positiv arbeidsmann. I våre dagar har ordet løysingsorientert dukka opp, men Alf Andersen var løysingsorientert lenge før ordet var oppfunne. Han stod aldri fast, men var alltid innstilt på å løyse oppgåva han hadde fått. Difor fekk han også mange vener som såg verdien av optimismen hos den gode hjelparen.

Tok dykkarsertifikat

Alf var uvanleg hendig og fagleg flink innanfor eit breitt register av handverk. Difor tok han også på seg å hjelpe til med bygginga då ei etter ei av døtrene ville sette seg opp hus. Då han fekk høyre om synketømmer på botnen av Byglandsfjorden, tok han dykkarsertifikat og dykka ned 10 meter for å få festa krok i tømmeret og fekk vinsja det opp. Så frakta han det over fjorden til Almedal Sagbruk og fekk det skore til byggjematerialar.

Sjølv hadde han også sett seg opp nytt bustadhus på Byglandsfjord der han og Tordis også skapte eit eventyr av ein hage med lysthus og imponerande vatnings- og lysanlegg. Kunstverket vekte oppsikt, og Norsk Ukeblad kom og laga reportasje.

Over fjord og fjell

Alf likte utfordringar. Like naturleg som han gjekk ned til botnen i Byglandsfjorden, kasta han seg ut i hangglider over fjord og fjell og kjende på den sitrande spenninga. Mange vil først og fremst minnast Alf Andersen som den aldri kvilande fotografen som dukka opp alle stader der det skjedde noko. Anten det var 17.mai-tog, kongebesøk eller alvorlege trafikkulukker, så var Alf på pletten. Difor knytta han også nærkontakt med media på alle plan frå NRK og TV2 til Fædrelandsvennen og Setesdølen. Over alt framstod han som ein engasjert, men jovial og hyggeleg samarbeidspartnar.

Alf vart også ein framståande filmfotograf som endåtil var tidleg ute med dronefilming. Også han vart innhenta av digitaliseringa, men han tok nye utfordringar med stor iver om han av og til søkte hjelp hos andre.

Fine år på Evje

Også etter at Alf og Tordis selde huset på Byglandsfjord og flytta til leilighet i Evje sentrum, fekk han mange fine år midt i det pulserande dagleglivet der han likte seg aller best. Først då helsa svikta, vart han sjeldnare å sjå, men dei gode minna etter han tek me vare på. Det var alltid hyggestunder med Alf anten han kom som snikkar for å flytte på vegger og ominnreie, eller han hadde med seg ferske bilete frå aktuelle hendingar.

Me vil minnast han som det positive innslaget, eit ja-menneske klar for å gje ei handsrekning, og ein person som det alltid var oppløftande å slå av ein prat med. Når han no er borte, må me nøye oss med alle dei gode minna som me sit att med. Det er ikkje så lite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigurd Haugsgjerd