Endeleg kan folk treffast

I morgon opnar Evjedagane, dei tradisjonelle handelsdagane som varer fram til sundag, og minner oss om at sommarsesongen nærmar seg for fullt. Sommaren har vist seg å vere ei god tid for Evje som handelssenter også under koronaepidemien.

Denne gongen markerer handelsdagane på Evje at det også er ei viss opning igjen for at folk kan treffast om enn under strenge smittevern-restriksjonar framleis. Ein viss kontroll på smitteutviklinga kombinert med at stadig fleire er vaksinerte, gjer at det for mange kjennest tryggare å ta ut for å treffe andre rett nok i mindre omfang enn før.

Det betyr likevel at folk flest, som gjerne har halde seg mykje heime i korona-perioden, no med godt samvit kan ta ein tur til Evje i denne veka og oppleve den gode atmosfæren og folkelivet som gjerne plar prege den regionale kjøpefesten. For Evje har blitt eit fullverdig regionsenter med alt det som eit kjøpevillig publikum er på jakt etter frå kjøkkenutstyr og byggematerialar til landbruksutstyr og hagemøblar i tillegg til eit arsenal av daglegvaretilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å utvikle Evje som handelssenter ytterlegare, har det også vore forsøk på å skaffe bygda status som turiststad for å sikre seg rett til sundagsopne butikkar året rundt. Så langt har det ikkje vore lokalpolitisk interesse for å gå vidare med den saka. Også innan næringa er det delte meiningar.

I mellomtida kan handelsstanden gle seg over retten til sundagsopne butikkar i juni, juli og august. Det har kanskje ikkje like stor innverknad på den lokale handelenen som det ein vil oppleve av turisttrafikken når høgsommar og fellesferie melder seg. I denne veka ventar ein ikkje same rushet, men at folk frå heile Evje sitt naturlege nærområde med indre bygder vil treffast nettopp her. Evje har blitt eit svært hyggeleg handelssenter og ein god sosial møteplass.