-Trist om kommunestyret torsdag følgjerlevekårsutvalet, skriv Morten Haraldstad og meiner saka om 4- eller 5-dagarsskuleveke viser dei ideologiske skiljelinene i Evje og Hornnes.

Foreldra har talt!

Som politikar seier ein ofte at ein på passe på kva hatt ein har på seg. Det kan vere seg foreldrehatten, pedagoghatten eller politikarhatten. Eg vel å ha på alle saman i dette innlegget. I motsetnad til innlegget frå ordføraren i Setesdølen 9. februar, skriv eg dette på vegne av meg sjølv.

I vår familie har vi hatt svært gode erfaringar med at ungane har hatt ein fridag på onsdagar dei to fyrste skuleåra. Dei har ikkje vore utslitne og trøtte av å gå tre fulle dagar og ein litt kortare. Tvert imot har dei hatt svært stor glede av å kunne vere heime ein dag i veka der ein kunne ha god tid saman med familien. Einetid med ein av foreldra til å gjere lekser og finne på noko alternativt. Dagen har vore gullgjev og noko ungane har gleda seg til.

Leitt for familien

Eg merker meg at levekårsutvalet den 17. mars tilrår kommunestyre å vedta å innføre femdagars skuleveke frå 2022. Det einaste som er positivt med den tilrådinga er at ein har tatt innover seg at det vil vere svært vanskeleg og allereie starte opp dette frå neste skuleår. For vår familie er dette likevel veldig leitt. Vi ønsker at vår minste gut og skal kunne oppleve ein slik kvardag som dei andre to har fått glede av. Det viser seg at vi slett ikkje er einsame om denne tanken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brukarundersøkinga

Kommunestyret gjekk einstemmig inn for å gjennomføre ei brukarundersøking som skulle vere med å legge grunnlaget for utredninga når saka kom til politisk handsaming. Tala frå denne undersøkinga er for meg klare.

Når eit stort fleirtal av brukarane av ei kommunal teneste fortel politikarane korleis dei ynskjer at tenesta skal organiserast er det for meg opplagt kva kommunestyre bør bestemme til torsdag.

Skal vi verkeleg innføre ein nyorganisering av skuledagen for dei minste elevane våre som 2/3 av foreldra ikkje ynskjer, i tillegg er dyrare og ikkje viser seg vere klart betre pedagogisk i høve til læring? Nei, sjølvsagt bør vi ikkje det.

Ikkje økonomiske argument

Eg har fleire gonger i kommunestyret røysta mot gode saker eg gjerne skulle ha sett gjennomført. I dei fleste tilfella har økonomien stått i vegen. Det er ikkje eit argument denne gonga. Økonomisk for kommunen vil det svare seg å vidareføre dagens ordning. Det nemnast gratis SFO og leksefri skule i same slengen for å gjere ordninga meir akseptabel. Gratis SFO er det ikkje satt av pengar til, dette er heller ikkje utgreia i saksframlegget. Det å kutte ut alt av lekser er nok heller ikkje vegen å gå dersom ein skal betre resultata på dei nasjonale prøvene som ein del er opptekne av. Øving og lesing heime er ofte kritisk i den fyrste innlæringa av lesing og skriving.

Nasjonale prøver

Ordførarens tidlegare nemnte innlegg viste til nasjonale prøver og han freista å vise ein samanheng mellom resultata på 5-trinn og firedagars skule. Det er dessverre inga påvist samanheng. Forsking utført av profesjonelle forskarar seier at ein ikkje kan seie at den eine ordninga er betre for læring enn den andre. Dette har fylkespolitikarane i Ap skjønt, og i det siste lesarinnlegget i Setesdølen dreier det seg nå om likestilling, inkludering og mangfald. Er det rett å endre ei ordning eit stort fleirtal av foreldra ønsker for å oppnå andre mål utanfor skulen? Nei, det meiner eg ikkje det er, sjølv om dette er svært viktige sakar ein må ha fullt fokus på framover.

Reell valfridom

Dagens ordning med firedagars skuleveke gir innbyggarane i Evje og Hornnes kommune som har barn i småskulen ein reell valfridom. Dette bør vi ikkje kaste på båten! Dersom ein har behov for SFO finnast dette med dagens ordning òg på onsdagar.

Eg har eit von om at ein veg dei ulike argumenta for og i mot fire- eller femdagars skule opp mot kvarande på ein profesjonell måte. Eg har eit von om at kommunestyret vel å ta omsyn til kva brukarane av tenesta meiner når dei skal votere på torsdag. Dette er ei sak som betyr svært mykje for dei det gjeld. For dei som ikkje har barn i aktuell alder er dette ikkje anna enn ei vanleg politisk sak som alle andre.

Vi er valde for heile kommunen

Vi politikarar er vald som tillitsmenn for heile kommunen. Vi skal ta avgjerslene på bakgrunn av det vi meiner er til det beste for innbyggarane i kommunen. Så må kvar og ein av oss gjere det valet vi meiner er riktig, og vi må respektere at vi har ulike syn og kunne vere venner etter kommunestyremøtet er ferdig og vedtak er fatta. For meg personleg vil nok dette likevel kunne vere eit skiljepunkt i den politiske kvardagen framover då tydelege ideologiske skiljeliner kjem så klart fram. Eg tykkjer det vil vere trist om kommunestyret følgjer levekårsutvalets innstilling på torsdag. Eg veit at svært mange er einige med meg i det, og mange vil bli veldig lei seg om ein tar bort dagens ordning.

Morten Haraldstad