-Vi lyttar til ein erfaren rektor når han seier at fritt skuleval kan redusere tilbodet ved skular i bygdene, og at elevar med dårleg snitt blir taparane, skriv Eivind Drivenes.

– Fritt skuleval: Ein bløff eller fare?

Både tidlegere og noverande rektor ved Vennesla vidaregåande skule har i intervju sagt at dei er skeptiske til fritt skuleval, som regjeringa tvingar på fylkeskommunane. Dei er begge erfarne pedagogar.

Aase Marthe Horrigmo, kandidat for Høgre, veit sjølvsagt betre. Fritt skuleval er til beste for elevane og skulane, hevdar ho. Gjeld det også små skular i distrikta og elevar som slit?

Horrigmo har tydelegvis gløymt eit viktig argument for regionreforma. Då sa Høgre «lokaldemokrati og større myndighet til fylkene». Senterpartiet støttar nærskuleprinsippet. Vi lyttar til ein erfaren rektor når han seier at fritt skuleval kan redusere tilbodet ved skular i bygdene, og at elevar med dårleg snitt blir taparane. Ein annan rektor sa nettopp at det blir ikkje fritt skuleval for alle. Det er det berre for dei vellykka og flinke. Dei minst motiverte risikerer å måtte reise enda lenger til vidaregåande skule. Det å ha eit bredt spekter av elevar er bra. Dei svakaste elevane har godt utbytte av å vere saman med sterke elevar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Horrigmo vil at dei skuleflinke skal få velje på øvste hylle. Ja, skulegang i byen lokkar. Kva med dei mindre flinke og dei som i tillegg kanskje slit med livet, dersom nærskulen mistar nødvendig elevtilgang? Med fritt skuleval risikerer dei lange reiser eller hybelliv. Er det dette ho kallar fritt skuleval?

Forsterkar forskjellane

Forskning ved NTNU viser og dokumenterer at fritt skuleval og resultatstyring har bidratt til å forsterke forskjellane mellom Oslo-skular. Det har blitt A- og B-skular. OECD peiker på at fritt skuleval er spesielt uheldig for allereie sårbare elevar. Karakterbasert opptak kan også gå ut over skulane, ikkje minst i distrikta. Skular som taper i konkurransen om dei flinkaste elevane, vil etter kvart få problem og komme inn i ein negativ spiral.

God blanding av elevar

Senterpartiet vil at fylkeskommunane skal bestemme inntaksreglane. Nærskule har mange fordelar. Fylkeskommunane bør ha høve til å utforme inntaksreglar som ivaretek ulike grupper av elevar og som reduserer antalet hybelelevar, reiseavstand og som sørger for ei god blanding av elevar med ulik bakgrunn. Det er best i lengda for alle. Det handlar også om å kunne opprette tilbod innan yrkesfaga slik at utdanninga samsvarer med behovet næringslivet har for faglærte.

Eivind Drivenes

3. kandidat

Agder Senterparti