I oktober i 2019 heldt Evje og Hornnes bygdekvinnelag 80-årsfest på Furuly foreningshus. Er det yngre krefter som nå er interesserte i å overta?

– Har Bygdekvinnelaget nokon plass?

For 3 år sidan var vi nokre få kvinner som prøvde å få nytt liv i Evje og Hornnes Bygdekvinnelag.

Det var Bygdekvinnelaga som overtok etter Bondekvinnelaga, då landbruket var i stor endring. Håpet var at det skulle engasjere fleire enn dei tradisjonelle bondekvinnene..

Sistnemnde var det ikkje så mange att av, etter som utviklinga gjekk mot stadig større bruk, og meir teknologi i landbruket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan vi arbeidde for å restarte Bygdekvinnelaget, kom koronaen. Då gjekk det gale for mange, og særleg for eit nystarta lag. Det vart tøffe tider. Vi hadde planar, men pandemien sette ein stoppar for dei.

Bygdekvinnelaget har ein plass i bygda

Bondekvinnelaget var ein kulturinstitusjon i bygda. Laget arbeidde for å ta vare på tradisjonar på mange felt. Det var handverk, mattradisjonar, bunadsaum, for å nemne noko. Vi skipa til kulturkveldar og kurs innan det som var kjenneteikn på våre interessefelt.

Framleis er det mykje ein kan jobbe for i eit bygdesamfunn, om ikkje den driftige bondekvinna er der lenger. Vi hadde samarbeid med Bondelaget, Skogeigarlaget og 4H.

Det er mange lag og foreininger i kommunen vår. Har då Bygdekvinnelaget nokon plass?

Vi meiner ja. Ein grøn profil.

Framleis vil det vere bruk for kulturberarar.

Vi meiner at vår grøne profil passer svært godt i samfunnet i dag.

Dessutan er det innanfor våre interesser, å arbeide med, og å leggje til rette for, flyktningar og innvandrarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygdekvinnelaget kunne vere ein pådrivar for å få til ei ordning med parsellhagar til desse gruppene, noko som der er interesse for.

Finne yngre krefter i Evje og Hornnes

Med dette innlegget håper vi som er att av interimstyret, å finne yngre krefter som kan tenke seg å få nytt liv i Evje og Hornnes Bygdekvinnelag. I 2019 hadde laget 80-årsjubileum, med stor fest på Furuly. Men det var også det vi rakk.

Vi har protokollane frå alle desse 80 åra. Bondekvinnelaget hadde, og har, ein andel i foreningshuset Furuly. Det gjev oss gratis møtelokale på loftet der, og tilgang til den store salen til våre tilstelninger. Vi har også ein konto med litt pengar som kan vere ein grei oppstartkapital.

Om nokon er interessert, så ta kontakt med Reidun Rosseland, mobil 94813508, eller Solveig Katterås, mobil 48189851. Dei vil vere mentorar om det trengs.

For det som var interimstyret

i Evje og Hornnes Bygdekvinnelag;

Inger Juvastøl