–Hegni camp eller Hartecamp?

Eg har lese i avisa at det er planlagt ein campingplass på Hovden. Ideen er god, då kan ein kanskje sleppe villcampinga.

For det er heilt utruleg mange stader ein ser slik camping. Men å lage ein slik plass krev mykje arbeid og kostnader. Plassen må vere stor, slik at det er greitt å kome til for bubilar og campingvogner, då desse er svært store i dag. Og reglane er strenge i dag då dei må utstyrast med toalett, vaskemogelegheiter og plass for å tøme toaletta i vogner og bubilar. Kanskje dusjar eller vaskemaskinar som ein må ha kort eller myntar til må på plass.

Stille om kvelden

Straumuttak til lading til eventuelt utstyr i bilen må ein ha, og nokon må passe på når gjestane kjem og drar. Så skal det vere stille klokka 22 om kvelden, det skal vere grei avstand mellom bilane då folk kan ha plassbehov for parasollar og anna. Søppeldunkar må tømast, og det må ryddast i rusk og rask.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finansiering

Så kven skal finansiere eit slikt anlegg? Er det utbyggar eller reiselivet? Kven skal drifte det? Er det snakk om bare nokre månader om sommaren eller skal det vere heilårsdrift. Med snøbrøyting og det som fylgjer med blir det mykje arbeid. Dei yngste gjestene må vel ha sandkassar, sklie og trampoline, og dei som vil fiske må få leigd seg ein båt.

Kan dette la seg gjere? Viss det er råd å få til, vil det vere eit godt tiltak. Men i dag krev folk høg standard. Kan hende kan ein av og til reklamere for smaksprøvar av turka reinsdyrkjøt med rjome og flatbraud eller fårekjøt? På den måten kan ein selje litt av den lokale kulturen sine ressursar. Eg har mange fleire forslag men det får ein kome tilbake til. Viss ein skal få gjestene til å stoppe må ein ha noko spesielt og kortreist, ikkje ting som ein kan få kor som helst i landet.

Lilly E. Stanescú, Bykle