–Heile brannberedskapen i Setesdal er no sett på spel på grunn av 750.000 kr. fordi me ikkje klarar å sjå verdien av den enorme innsatsen mannskapa i Setesdal faktisk legg ned, skriv artikkelforfattaren.

–Heile brannberedskapen i Setesdal er sett på spel på grunn av 750.000 kr

I Bykle har me bruka fleire millionar på å prøve og få luftambulansen hit. Me har fått påskebase, men ingen lovnadar om fast base, noko me ser på som velinvesterte pengar i håp om å styrke beredskapen. Men kva med den daglege beredskapen?

Den vanlege innbyggaren i Setesdal, som ikkje flyg helikopter og er kursa i alle baugar og kantar, som slepp det han har i hendene og faktisk yter den fyrste og livsviktige hjelpa? Det har me heilt tydeleg ikkje evna å verdsette. Heile brannberedskapen i Setesdal er no sett på spel på grunn av 750.000 kr. fordi me ikkje klarar å sjå verdien av den enorme innsatsen mannskapa i Setesdal faktisk legg ned.

24 timar i døgnet

Det er han i gravemaskina, han barnehageonkelen, eigedomsmeklaren eller røyrleggaren som fiksa krana di tidlegare på dagen, som plutseleg står i stoga di med oksygen ein kveld du er tung i pusten. Dei same kjem óg om det brenn i pipa eller om du har kjørt i eit tre i 80-sona. Det er naboen din eller venen din som oftast er fyrst på plass fordi dei faktisk ber med seg ein radio 24 timar i døgnet, 365 dagar i året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opprette tillit

Me i Bykle Sp meiner at det er særs trist at styret ikkje har evna å verdsette dette. Det er viktig at beredskapen i dalen ikkje vert sett på fleire slike prøver. Slik saka står no, bør det nye styre arbeide hardt for å opprette tilliten til mannskapet og få ro internt i IKS-et. Dette har heilt tydeleg vore ei naudsynt handling for å få innbyggjarar og politikarar til å sjå kva ressurs brannvesenet er. Valle brannvesen, som har fronta dette, har med dette verkeleg synt samhald i mannskapa, og kampvilje som gjer oss trygge på at brannvesenet i Setesdal er samkøyrde og løysingsorienterte.

Me vonar at dette har vore ein vekkar for åra framover og at folk set pris på det lokale og nære. God Sp-politikk er det også....

Med Helsing Bykle Senterparti