– Hev Bykle kommune gløymt dei fastbuande?

Nok ein gong vil eg hevde at Bykle kommune kan ta opp dette med straumkompensasjon for private straumkundar. I Setesdølen torsdag 15.9 stend det at Bykle kommune får dubla inntekter i år.

Eg forstår at kommunen vil betale ned låna, som det vert sagt av kommunedirektøren, med 32 mill. kroner, sånn at den kjem i 0. Bykle sine konsesjonsinntekter som kan bereknast til 45,1 mill. kroner skrumpar då inn til 13,1 mill. kroner. Det kan vel dei fleste forstå, men pluss anna av inntekter Bykle kommune får må det vel kunne finnast nok musklar til au å gje dei private straumforbrukarne noko?

Eg las i Setesdølen tysdag 20.9, at det i Bykle kommune er ny søknadsrunde for straumstøtte til det lokale næringslivet, altså ei forlenging av ordninga som det vert sagt av næringssjefen, og at dette vert ei hastesak i formannskap og kommunestyre i oktober. Men kor mange verksemder dette gjeld, får me ikkje endå vite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sirdal som eksempel

Med eksemplet frå Sirdal, der dei hev vedteke kr 5000,- i straumkompensasjon til kvar einaste fastbuande er det au rimeleg å hevde at Bykle kommune hev musklar nok til å vedta dette i neste formannskap og kommunestyre i oktober, og då i tillegg til meir straumstøtte til næringslivet.

Men førebels teier Bykle kommune om straumkompensasjonen til fastbuande og hev berre næringslivsstøtta medteke i sin agenda, kan det sjåast ut som.

Sp-representant og kommunestyremedlem hev tidlegare teke opp dette med straumkompensasjon til den enkelte registrera innbyggar i Bykle, i eit kommunestyre som hev vore. Då må eg verkeleg spørje om dei folkevalde eigentleg forsto noko som helst av korleis stoda er for me einskilde med den enorme auken i straumutgiftene?

Kor mykje til næringslivet?

Me er ca. 930 fastbuande i Bykle kommune. Med eit anslag på kr 5.000,- til kvar fastbuande vert dette kr 4.650 000,- i straumkompensasjon. Om me dreg det ifrå dei 13,1 mill. kronene, er det kr 8.450 000,- att til næringslivet. Det er sikkert eit meir komplisera reiknestykke enn dette, men eg må berre spørje: Kor mykje skal Bykle kommune stimulere næringslivet denne gongen? Og, kor lenge må me private straumforbrukarar vente på vår straumkompensasjon?

Igjen meiner eg dette er for dårleg av Bykle kommune, så langt i prosessen.

Helsing

Kjell Erik Guddal