I over femti år, i sol og regn, har Bygland Hornmusikk laga ei høgtideleg ramme om nasjonaldags-feiringa i heimkommunen. Her musikant Olav Nese, i det han svingar opp mot Byglandsheimen, eit år då regnet bøtta ned på nasjonaldagen.

Hornmusikk i Bygland 17.mai: SKJERP DYKK!

I over femti år har Bygland Hornmusikk laga ei høgtideleg ramme rundt 17.mai-feiringa i heimkommunen, slik ei nasjonaldags-feiring skal ha. Men i fjor uteblei Bygland Hornmusikk frå ei flott nasjonaldagsfeiring på Byglandsfjord. I staden spela Bygland Hornmusikk i nabo-kommunen…

Dette blei gjort i protest mot Byg-land kommune, fordi musikantane meinte at kommunen sette for liten pris på innsatsen deira,- økonomisk.

Eg tenkte at denne pinlege historieløysa var eit eingongstilfelle, som me raskt kunne leggje gløymsla sitt slør over,- men nei.

Artikkelen held fram under annonsen.

På kammerset

No er det ikkje slik at Bygland Hornmusikk er ei tilfeldig samanraska samling av pønke-musikarar, som vil protestere mot det etablerte. Tvert imot, Bygland Hornmusikk er ei gruppe vaksne, veletablerte og oppegåande personar som har hornmusikk som hobby.

Då måtte ein tru at dei og Bygland kommune kunne finne ei løysing på kammerset.

De får ta æra for det den parten som vil, men de må då sjå at de skjemmer ut Bygland kommune for all verda. Og dette gjer de i ein tøvete offentleg sak om 20 000 kroner. Det er ein syndeleg måte å drive omdøme-byggjing på.

Har aldri vore viktigare

Musikantane i Bygland Hornmu-sikk bør lyfte blikket litt frå note- bladet, og politikarane bør sjå litt til verda utanfor kommunestyre-salen. Det har aldri vore viktigare å feire nasjonaldagen og hegne om norske verdiar som rettstryggleik og ytringsfridom.

Dersom 17.feiringa i Bygland i år blir utan hornmusikk, då bør Bygland Hornmusikk skifte namn. Lat då den hyggelege historia om Bygland Hornmusikk, med sine initiativ-takarar og sine eldsjelar, få kvile i fred.

Ha ei flott nasjonnaldags-feiring, - alle!

Jordalsbø 28.mars 2023

Jan Olsen