Kommunedirektørane Frantz Are Nilsen (t.h.) i Evje og Hornnes og John Salve Sigridnes i Bygland ber innbyggjarane vente med å reise til Austlandet til smittesituasjonen der er meir under kontroll. Også andre lokale tilrådingar ligg i oppmodinga dei sende ut.

-Ikkje reis til Austlandet!

Kommunedirektørane i Bygland og Evje og Hornnes kjem no med nye og skjerpa restriksjonar til innbyggjarane. Målet er å sleppe smittespreiing av den muterte versjonen av koronaviruset. Blant oppmodingane er at folk ikkje bør reise til Austlandet viss det ikkje er heilt nødvendig. Her er oppmodinga frå kommunedirektørane:

Til innbyggjarar i Bygland og Evje og Hornnes kommunar

Vi har sett i media dei siste dagane at fleire kommunar i Noreg no kjempar mot spreiing av muterte versjonar av koronaviruset. Versjonar som er meir smittsame enn det viruset vi er kjent med frå før. På Austlandet er den engelske mutasjonen registrert i til saman 25 kommunar. Dei lever no med strenge innskrenkingar og tiltak. Vi har og sett nokre få tilfelle i Agder.

Kriseleiinga i våre to kommunar er uroa for at vi kan kome i same situasjon som kommunane på Aust-landet. Difor vil vi no oppmode alle om å vere ekstra nøye med å følgje dei nasjonale smitteverntiltaka. Dei kan du lese om på våre nettsider og på regjeringen sine sider, www.regjeringen.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokale tilrådingar

Vi ønskjer og at alle følgjer desse fi-re lokale råda fram til situasjonen på Austlandet er avklart:

1. Unngå å reise til Austlandet! Ikkje reis om det ikkje er ytterst naudsynt!

2. Personar som kjem frå Austlandet, bør halde avstand til andre og teste seg, sjølv med milde symptom på covid-19.

3. Unngå møte der deltakarane kjem frå fleire kommunar.

4. Unngå besøk til institusjonane våre dersom du har vore på Austlandet eller har møtt nokon derfrå etter 18. januar 2021. Vi ønskjer at du ikkje besøker institusjonane våre dei ti første dagane etter at du har vore på Austlandet.

Dette gjeld for personar som har kome til Bygland og Evje og Hornnes frå og med 18. januar 2021.

Vi presiserer at dette er sterke tilrådingar, men ikkje pålegg.

Får støtte av kommuneoverlegen

Kommuneoverlege Åsulv Horverak deler kriseleiinga sine bekymringar og støttar dei lokale anbefalingane:

Artikkelen held fram under annonsen.

-Det er viktig at vi gjer ein innsats for å hindre at virusa får fotfeste her, både dei muterte versjonane og dei ”vanlege”, poengterer han.

Definisjon

Med ”Austlandet” meiner vi dei ti kommunane som er hardast ramma av den muterte versjonen av koronaviruset og dei 15 omkringliggjande kommunane: Nordre Follo, Oslo, Enebakk, Ås, Vestby, Nesodden, Indre Østfold, Moss, Frogn, Våler, Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lun-ner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvedt.

Slik testar du deg

I både Evje og Hornnes kommune og Bygland kommune kan du ta test kvar dag.

I Evje og Hornnes kan du ringe Evje legesenter for å avtale tid måndag til fredag kl. 09:00 – 15:00 på telefonnummer 37 40 79 00.

I Bygland kommune kan du ringe Bygland legekontor for å avtale tid måndag til fredag kl. 08:30 - 15:30 på telefonnummer 379 34 730.

Er det stengt på legekontoret (kveld, helg eller heilagdag) ringer du legevakta på telefonnummer 116 117.

Du må halde deg heime til du har fått testresultatet. Oftast får ein svar ein eller to dagar etter at testen er tatt.

Takk for innsatsen!

Kriseleiinga i kommunane ønskjer å takke innbyggjarane for at de er med på dugnaden. Det har vore ein lang dugnad, og den er ikkje over ennå. Vi har derimot hatt låge smittetal lenge. No som vaksineringa er godt i gong i begge kommunane, håper vi at vi går ljosare tider i møte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med venleg helsing

John Salve Sigridnes og Frantz Are Nilsen

kommunedirektørar og leiarar for kriseleiinga

i Bygland og Evje og Hornnes kommunar