Interessante trafikktal

Statens vegvesen la for nokre dagar sidan fram resultatet av trafikkteljingar på riksveg 9 gjennom Setesdal. Det er interessant lesnad som viser utviklinga i vegtrafikken også etter at pandemirestriksjonar vart oppheva og samfunnet langt på veg har vendt tilbake til normalen. Tala viser at riksveg 9 har hatt sterk auke i trafikken siste året samanlikna med året før, og at auken fordeler seg over heile strekninga. Det viser at hytteturistane er tilbake for fullt, men også at Setesdal blir eit stadig meir attraktivt reisemål for norske og utanlandske turistar. Dette siste har nok også samanheng med at vegstandarden gjennom dalføret har blitt kraftig forbetra dei siste 15-20 åra. Det er igjen resultat av langsiktig og god tankegang frå dei som sit med det politiske ansvaret.

Folk som bur nær riksveg 9 har lenge registrert at helgetrafikken vinterstid oppover dalen no er like stor på torsdagskveldane som hyttetrafikken for 30 år sidan var på fredagskveldane. I tillegg kjem sterk fredagstrafikk. Ny og betre infrastruktur gjer at folk kan vere lengre enn før på hyttene sine, og det er stadig fleire som skaffar seg hytter og store fritidshus i dalføret vårt. Alt dette har gjort at vintertrafikken har auka frå år til år. Dei nye tala tyder på at det også blir stadig meir sommartrafikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er nok først og fremst utlendingar og vestlendingar på veg til Dyreparken og meir sol på Sørlandet eller kontinentet som legg turen gjennom Setesdal. For austlendingar synest Setesdal framleis å vere eit gøymt «eventyrland» som dei berre så vidt har høyrt om. Ei målsetting for marknadsførarane i dalen må difor vere å nå nye grupper av ferierande i eige land, kanskje først og fremst henta frå dei mest folkerike regionane i landet.