Både i familien, i bygda og i landbruksmiljøet i heile landsdelen slo det ned som eit sjokk laurdag då meldinga kom om at Jakob Saaghus hadde mista livet i ei tragisk ulukke heime i Bygland.

Jakob Saaghus til minne

Han var ein glad pensjonist som framleis hadde mange jarn i elden. Så var det med eitt slutt laurdag ettermiddag då den 64 år gamle Jakob Saaghus omkom ved ei så utruleg tragisk ulukke på tunet heime i Jordalsbø i Bygland.

I dagane etterpå har flagget vaia på halv stong i tunet der tragedien skjedde. Han hadde vore saman med familien i arbeid på garden laurdag føremiddag då han før middagsstunda bestemte seg for å parkere gravemaskinen i garasjen for vinteren. Under innrygginga der kom han i klemme mellom styrehuset på maskinen og murveggen. Naudetatar vart varsla og ambulansefolk var raskt på staden, men livet stod ikkje til å berge. Han døydde på staden, og både familien, bygda og heile distriktet er i sjokk.

Over 40 år i landbrukstenesta

Jakob Saaghus var eit livs levande menneske, alltid blid og med eit godt ord til menneska han møtte. Og det var mange han vart kjend med, ikkje minst i arbeidet han i over 40 år hadde i Norsk Landbrukgsrådgivning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det starta som dagleg leiar i den forholdsvis nystarta forsøksringen knytta til landbrukskontoret, men ringen vart etter kvart ein del av landbruksrådgjevinga i landsdelen. Han var den gode hjelparen, rettleiaren for bøndene i stort og smått, frå jordprøvar til langsiktig rådgjeving for å betre økonomien for dei som prøvde å leve av jorda. Som rettleiar har Jakob Saaghus tatt initiativet til alt frå grøfteprosjekt og jordbearbeiding til nysatsingar på både bær og rotfrukter og ikkje minst som turoperatør for ei rekke inspirasjonsturar i inn- og utland.

Sauebonde

Jakob dreiv sjølv aktivt sauehald på slektsgarden i Jordalsbø og fornya bygningane på garden, og han forpakta mykje leigejord hjå naboane andre stader i bygda. Han var ein arbeidsmaur som alltid hadde noko på programmet, men likevel med auge for å kunne stanse opp og dele gode tankar med dei han møtte.

Ingen byråkrat

Jakob hadde det meste av tida kontoret sitt på Bygland, men han var ingen typisk byråkrat. Han ville ut for å treffe yrkesbrør og kvinnene i næringa, dei som var villige til å satse og var mottakelege for å lære meir. Dei sette han pris på og stilte opp på tallause informasjonsmøte i alle desse åra der fagleg påfyll og sosialt samvær gjekk hand i hand. Jakob var ei oppkome av historier som sette humør og optimisme i dei som møtte han på sin veg. Han var ekspert i å tale opp landbruket og gje yrkesutøvarar nødvendige skulderklapp både tidt og ofte.

Fest på KVS

Etter at han hadde pensjonert seg, vart det tromma saman til ein flott avskilsfest for han på KVS Bygland i slutten av november i fjor. Der vart det understreka at han ikkje berre var fagmann, men også eit godt medmenneske. Viss det ikkje hadde vore for han, og det sterke engasjementet han la for dagen for å skape optimisme i næringa, så hadde det knapt vore så mange gardsbruk i drift i distriktet som det trass i alt er.

Utviklingsarbeid i Afrika

Han var god på trivsel, vart det sagt i takketalane den gongen, for Jakob var levande oppteken av at bøndene skulle ha det greitt i arbeidet sitt.

Han var aldri redd for utfordringar. Difor tok han og kona Gunn Maren permisjon i si tid og hadde oppdrag i utviklingsarbeid i Afrika. Det var også eit arbeid som han gjekk inn i med stor intensitet. Han hadde sidan mange ljosbiletkåseri her heime der han fortalde frå opplevingane på eit så heilt annleis kontinent. Der som her var det alltid spørsmålet om kva du kunne få ut av jorda som dreiv den fargerike prestesonen med oppvekst i Kristiansand. I Bygland fann likevel både han og familien seg så godt til rette at dei bygde seg nye hus på garden og vart eit aktivum i bygdelivet. Dei var alle sterkt engasjerte på så mange vis. Difor blir saknet etter Jakob så stort blant så mange.

Tunge slag

Alle som lærte han å kjenne vart glad i denne blide sørlendingen som vart setesdøl i sjel og sinn. Det lyste av han at han treivst med livet i det daglege. Sjølv om han og familien måtte tole harde slag då eldste dottera døydde for nokre år sidan, viste han evne til etter kvart å finne tilbake til den optimismen som fall så naturleg for han.

Dei store spørsmåla

Han kunne vere ein skøyar, men hadde også evna til å tale om dei store spørsmåla i livet. Difor vart han ein så interessant samtalepartnar anten det no var i eit hastig treff på butikken eller om han kom innom i bladstova for å gje tips om ein eller annan som burde løftast fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jakob var eit godt menneske som mange lærte å sette pris på.

Sigurd Haugsgjerd