– Jolegåva som aldri kom fram

21. november sende eg brevet nedanfor til kommunedirektøren i Bykle, men har ikkje høyrt eit ord sidan. Difor ber eg om å få det inn i avisa.

”Eg kan ikkje forstå at me i Bykle ikkje høyrer eit ord om den forventa straumkompensasjonen for dette året og neste. Sirdal kommune hev for lenge sidan vedteke kr 5000,- til kvar manntallskriven fastbuande der i dette året, og Bykle kommune med eit einstemmig kommunestyre og formannskap vedtok i 2021 å gje kr 3000,- til kvar einaste fastbuande i Bykle kommune, som registrera bankkontoopplysningane sine på det digitale tilbodet. Så eg tenkjer jo at straumkompensasjonen må kome i år au, for den statlege straumstøtta hev variera mykje i prosent i heile dette året. For Bykle sine fastbuande, og med spotprisavtalar i tillegg, hev dette vore bereikna ut frå prisområdet NO2. Då er det fastsett slik frå staten si side at kvar einaste straumkunde ikkje får drege av maks statleg straumstøtte. Det hev med statens momsbereikningar å gjere.

Som om ikkje dette var nok, så veit me ikkje korleis straumprisane kjem til å utvikle seg frametter. Eg etterlyser nå difor eit svar frå rådmannen på dette. Det kan jo ikkje vere meininga at kommunen satsar på ei behovsprøva straumstøtteordning?

Artikkelen held fram under annonsen.

Mi meining er at ein må kunne sjå på straumkompensasjonen som ei demokratisk ordning. Då må den vere slik handsama at alle fastbuande hev krav på den.

Med venleg helsing

Kjell Erik Guddal