Jon K. Nordibø til minne

Ein kjend mann i heile Setesdal, Jon K. Nordibø frå Jordalsbø i Bygland døydde 22. desember, vel 88 år gammal. Han vert gravlagd ved Bygland kyrkje onsdag 5. januar.

Sjølv om helsesvikt gjorde at Jon levde meir tilbaketrekt dei siste åra, var han i mange år kjend for si aktive deltaking i lyd og lag, ikkje minst i folkemusikkmiljøet.

Jon var fødd og oppvaksen i Jordalsbø. Han var berre ein liten gutunge då han mista far sin i ulukke på heia, men saman med mor si og nære skyldfolk fekk han ein god oppvekst. Dei lærde han å bli glad i det heimslege og hegne om det beste i kulturarv og tradisjon. Dette kom til å prege han gjennom heile livet. Jon la pengar i det vakre og viste m.a. i eige gardstun heime i Jordsalsbø kor viktig det estetiske i lokal byggjetradisjon har vore for han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utdanning i Forsvaret

Jon tok utdanning i Forsvaret og fekk seg stilling både i Oslo og etter kvart ved Luftforsvaret sin base på Kjevik i Kristiansand. I åra i byen var han også aktiv i folkemnusikkmiljøet både som aktiv folkedansar og instruktør. I mange år hevda han seg også på kappleikar mange stader og fekk med rette tilnamnet dansemeister då han var i sin brage.

Som pensjonist flytta Jon heim att til Jordalsbø, rusta opp garden og dreiv somn aktiv sauehaldar i mange år. Med åra opplevde han helsesvikt som gjorde at han måtte trappe ned landbruket, men dei kulturelle interessene heldt han ved lag. Det kom til uttrykk i smått og stort. Jon tok initiativet til å rehabilitere den gamle badstoga i bygda og gjere bygningen til eit lite, men småkoseleg forsamlingshus. Han var også pådrivar for å få etablert den lokale musikkgruppa Byglandsspelemennene som heldt det gåande i mange år. Der spela han sjølv hardingfele.

Bygdesogeprosjektet

Størst innsats har han likevel lagt ned i det såkalla bygdesogeprosjektet, ”Bygland gard og ætt”, som var planlagt som eit 10-bindsverk, og der rundt halvparten av bøkene i serien er komne ut. Sjølv om Reidar Vollen var bygdesogeskrivaren fram til han døydde, var Jon den driftige leiaren i sogenemnda og pådrivaren like frå starten og før den tid. Dessutan var han den kunnskapsrike som kjende ættledane og buplassane i Bygland betre enn nokon andre. Han var gamal nok til å minnast støyls- og heieliv, og han kjende gardsskipnader frå gamalt av.

Dette var kunnskap han også hadde skaffa seg gjennom mange og seine kveldstimar i god røe med dei som visste så mykje om dei emna han interresserte seg for. Difor vart han ikkje berre ein framifrå informant for Reidar Vollen i arbeidet med bøkene, men Jon formidla også sjølv så godt til folk flest.

Levande og innsiktsfullt

Han fortalde levande og innsiktsfullt i lyd og lag då bygdesogeprosjektet hadde kome i gang. Med sitt naturlege talemål vart framføringa så fargerik og rotekte anten han stod fram som 17.mai-talar eller på ymse slags variantar av folkelege samlingar.

I tillegg til å vere ein så viktig ressurs på den lokale kulturfronten i så mange år, var Jon eit gildt menneske, ein interessant og triveleg samtalepartnar som hadde lett for å sjå mangt i eit visst perspektiv og lyfte praten over det reint kvardagslege.

Kjend i heiane

Han var lommekjend i heiane, deltok endåtil på elgjakt i mange år, og han treivst ikkje minst når han kunne gjere opp kaffibål og få ei god røe med sambygdingar. Han var sosial og hadde ein gjestfri heim, for Jon sette pris på besøk og treivst i godt lag. Svekka høyrsel dei siste åra gjorde det likevel noko vanskelegare å få med seg alt.

Likevel var han jamt å sjå på arrangement bygdene rundt. Det er difor mange som kjem til å sakne denne så ekte setesdølen, byglendingen som ønskte å vere positiv i all si ferd og som hadde evna til å gle seg over det som gav framgang i heimbygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigurd Haugsgjerd