Kast lenkene og kom deg ut!

For både eit og to år sidan lengta me etter ein normal kvardag utan munnbind, avstand, usikre jobbar og usikre framtidsutsikter. Og ein kvardag som ikkje trong å vere digital heile tida. Digitale møte, digital undervisning og digitale vennekveldar fekk dei fleste meir enn nok av under pandemien. Me såg fram mot ei anna og betre tid.

Nå er me her. Både skjermtid og innetid kan me redusere til eit minimum. I staden for å sitte inne framfor ein skjerm, bør me kaste lenkene til det digitale fengselet som me sjølve har sett oss i. Våren og forsommaren er ei nydeleg tid for å nyte alt som er rundt oss av lukter, smakar, lydar og syn. Logg deg av og kom deg ut! Ta eit ”minnebilete” med augo dine av det som er fint å sjå, eller med eit kamera som berre er eit kamera. Inviter med nokon på ein gåtur og drøft saker som betyr noko for deg. Slå av ein prat med folk du møter på butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

NRK Nyheter meldte siste veke at dei frå 1. juni ikkje lenger skal vere på Facebook. Med sine nesten 500.000 følgjarar har dei vore landets største innan nyheiter. Grunn-gjevinga er at den offentlege samtalen gjennom Facebook har avgrensa verdi, og at ein kan stille spørsmål om kva kommentarfelta tilfører det norske samfunnet av positive verdiar. Og for nokre veker sidan kom Lyngdal kommune i nyheitene då dei stengte kommentarfeltet på Facebook etter at publikum både hadde brote personvernet, hetsa tilsette i kommunen og kome med konspirasjonsteoriar der.

Me er ikkje lenger dømde til eit liv framfor ein skjerm, med nasen ned i eit tastatur der det mange gonger kan bli lite konstruktivt om me ikkje får lufta ut innimellom. Me bur i ein vakker dal med rein, frisk luft og med mange flotte menneske rundt oss som gjer sitt beste kvar dag. Dei kan vere interessante både å sjå i levande live og å tale med. For ingen er eit profilbilete, og ingen berre ein profil på nett. Heile menneske er berre tilgjengelege dersom me går ut av cella vår og går kvarandre i møte. Det er på høg tid at me tar det ekte livet på alvor, og innser kor mykje betre utgåver av oss sjølve me alle er her, enn det me klarer å vere på nettet. På same måten som trolla i eventyret unngår solstrålene i frykt for å bli til stein, er nettrolla sjeldan ute på høglys dag. Då veltar dei seg dessverre i dei halvmørke kommentarfelta.