Leiar i plan- og miljøutvalet i Valle, Kim Pedersen meiner at retten til lik og rettferdig behandling ikkje blir følgt i saker om oppattbygging av støylsbuer i det nasjonale verneområdet i Setesdal.

– Komplett parodi om støylsbuer i Nasjonalt Villreinområde som må fram i ljoset!

Eg vil vise til Setesdølen si gode oppfølging av utfordringane me har i Valle kommune i samband med oppattføring av gamle støylsbuer og driftsbygningar i Nasjonalt Villreinområde og praktisering/forståing av Heieplanen.

Valle kommune har halde seg lojalt til den vedtekne Heieplanen som opna for at det er lov å gjennoppbygge støylsbuer med maks storleik på 30m2, dersom ein t.d. med bilete kan dokumentere gamle tufter som viser tidlegare bruk. I tillegg er det etter denne planen lov å gjennoppbygge driftsbygningar på maks 50 m2 der det er drift på garden.

Strengare praksis

I dei siste 2 åra har praksisen blitt endra med strengare innvendingar og og klager av både Statsforvaltaren, Fylkeskommunen og Villreinnemnda. Difor er det på tide med ei synleggjering av ei sak som etter mitt skjøn viser ein total parodi av korleis intensjon og praktisering i den Heieplanen blir forstått og tolka:

Artikkelen held fram under annonsen.

Jæren Smalalag søkte om dispensasjon til å utvide driftsbygningen på på Fosseknuten som blir brukt til sauesanking. Denne ligg i Nasjonalt Villreinområde, og då er det Heie-planen som gjeld.

I søknaden blir det bede om å få utvida bygget frå 50 til 85 m2. Heie-planen sine retningslinjer er klare, og seier maks 50m2.

Offentlege styresmakter

Slik har offentlege styresmakter handtert saka:

Både Verneområdestyret og Fylkes-kommunen gav samtykke til bygg på 70 m2. Statsforvalteren gar samtykke til det same, men med vilkår om tidsavgrensa bruk. Der støttar dei seg også på verneområdestyret.

Villreinnemnda skriv til sitt samtykke om 70m2 at «det ser ut til at det er i tråd med Heieplanen sine retningslinjer med tidsavgrensa bruk».

Desse instansane er positive og seier alle ja til ei utviding av den eksisterande driftsbygningen med ein auke på 20 m2 over den tilletne grensa i Nasjonalt Villreinområde og Heieplanen! Ja, me høyrer faktissk rett!

Pinleg for Villreinnemnda

Denne saken viser at retten til lik og rettferdig behandling ikkje vert følgd. Det blir difor ein rein parodi når støylsbua på Håvestøyl i Valle austhei blei påklaga av Villreinnemnda, og der Statsforvaltaren gav nemnda medhald fordi det planlagde bygget IKKJE var i tråd med retningslinjene i Heieplanen.

No har Valle kommune heldigvis tatt eit nytt initiativ, så denne saka er som kjent på veg til departementet og evtuell rettssak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ærleg tala, dette er svært pinleg, ikkje minst for medlemmene i Villreinnemnda som skal ivareta både Heieplanen og Nasjonalt Villreinområde!

Med venleg helsing

Kim Pedersen, leiar i plan- og miljøutvalet i Valle kommune