Kraftfusjon og arbeidsplassar

Fusjonsprosessen mellom Agder Energi og Glitre Ener-gi i Drammen går sin gang. Tilrådinga frå leiinga i Agder Energi er positiv til ei samanslåing. Selskapet har no sendt tilrådinga til eigarkommunane og bede dei ta stand-punkt. Det er venta avgjerd i kommunestyra i løpet av juni månad.

Konsekvensen av eit ja til fusjon kan vere tapte arbeids- plassar i Setesdal over tid. Fusjonen i 2000 mellom Aust-Agder Energi (AAE), Vest-Agder Energiverk (VAE) og Kristiansand Energiverk (KEV) som blei til Agder Energi, har vist oss at arbeidsplassar jamnt og trutt har forsvunne ut av Setesdal og vorte flytta til kysten. Det har altså vore ei klar sentralisering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aksane blir også radikalt endra ved ein fusjon. Frå eit agderbasert selskap der aksane går frå Kristiansand og ut i heile Agder, vil aksen i framtida kanskje gå mellom Kristiansand og storkommunen Drammen. Då vil truleg taleretten i Setesdal og agderdistrikta verte svekka.

Eit anna viktig moment er at Glitre Energi ikkje har magasinverk slik som Agder Energi, berre elvekraftverk. Dei store magasinverka me har i Setesdal er sjølve motoren i kraftproduksjonen og gjev eigarkommunane stødige inntekter som det er råd å budsjettere med. Lagring av vatn i dei store damanlegga ved låge prisar og høg produksjon ved høge prisar gjev då også meir overskot og dermed større utbytte til kommunane. Ved ein fusjon vil desse fordelane agderkommunane har, utjamnast mellom dei to regionane.

Det er difor eit svært viktig val kommunestyra skal ta i denne saka, for det handlar både om framtidig kommuneøkonomi og arbeidsplassar i distrikta.