Tellef Inge Mørland, AP meiner det nye inntektssystemet for kommunane er ein sig-er for kraftkommunane i Setesdal.

Kraftpengane blir verande i Setesdal

Denne veka vart regjeringa sitt framlegg til kommuneøkonomien for 2025 og det nye inntektssystemet handsama i Stortinget.

Det kan kanskje høyrast litt tørt og kjedeleg ut, men dette er avgjerande for kommunane sin økonomi. Og kommunale tenester som ein god skule og ei verdig eldreomsorg, er noko som opptek dei fleste av oss.

Neste år legg regjeringa opp til ein vekst for kommunane, utover pensjonskostnader og demografi, på om lag 2.500 millionar. Det er kjærkomne pengar for mange kommunar. Men i tillegg får ein no på plass eit nytt inntektssystem som omfordeler pengane betre. Dette bidreg til at dei kommunane med dårlegast økonomi får betre høve til å gje sine innbyggjarar gode tenester.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slutt på straffinga

I tillegg gjer regjeringa og stortingsfleirtalet slutt på å straffe dei kommunane som Solberg-regjeringa meinte burde ha slått seg saman med andre kommunar. Dette er særs godt nytt for til dømes ein kommune som Iveland, då dei blei straffa hardt her av den førre regjeringa. Kommunesamanslåingar bør vere friviljuge, og det blir dei i realiteten ikkje dersom kommuneøkonomien vert pint i hel, fordi du ikkje gjer som staten vil.

Får behalde kraftinntektene

For Setesdal sin del meiner eg at det mest avgjerande i det nye inntektssystemet er at kommunane får behalde kraftinntektene sine. Det var ikkje opplagt då ein samstundes skulle få ei betre omfordeling frå skattesterke kommunar til dei med lågare inntekter.

Noreg kjem til å trenge meir kraft i åra framover. Som stortingsrepresentant frå ein landsdel der mykje av denne krafta vert produsert, har det vore heilt avgjerande å arbeide for at dei kommunane som avgjev areal får behalde sine naturressursinntekter.

Stor siger

Solberg-regjeringa sette i si tid ned eit utval som kom med framlegg om å omfordele delar av desse kraftinntektene. For Arbeidarpartiet er det eit viktig prinsipp at dei kommunane som avgjev areal i fellesskapet si interesse, skal sitje att med ein rettferdig kompensasjon for dette. Når denne regjeringa no seier nei til å ta delar av kraftinntektene frå vertskommunane, er det ein stor siger for kraftkommunane i Setesdal.

Kunne ha skapt uvisse

Høgre og Framstegspartiet har i stortingshandsaminga kome med framlegg om at ein skal be regjeringa utsetje endringane i inntektssystemet for kommunane og utgreie dette vidare. Heldigvis fekk ikkje det fleirtal. Det ville berre ha gitt ytterlegare uvisse for kraftkommunane i Setesdal.

No får me i staden eit fleirtal som sikrar omfordeling, samstundes som alle kommunar i Setesdal kjem styrkte ut økonomisk. Det er god distriktspolitikk, og gir økonomiske musklar til setesdalskommunane for at dei kan få til vekst og utvikling i åra framover.

Tellef Inge Mørland

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet