–Soknerådet tykkjer at diktatoriske vedtak er ein god måte å styre på, skriv Hildebjørg Kjelleberg, som er sterkt kritisk til at kyrkjetenar Karin Bøe har fått sparken.

– Kyrkjestrid i Valle

– At kyrkjetenaren fekk sparken er for meg heilt uforståeleg. Dette utan at det er gjeve noko varsel. Ho fekk sparken fordi ho prøva å finne ei anna løysing på avviklinga av konfirmasjonen i Valle og Hylestad kyrkjelyd sumaren 2020, enn det som kyrkjesjefen og fleirtalet i soknerådet hadde bestemt.

Når det gjeld den betente saka om felles konfirmasjonsavvikling for Valle og Hylestad, er dette ei følelsemessig sak for mange i bygda. Enkelte foreldre til konfirmantar tok kontakt med kyrkjetenar om ho kunne undersøkje om det var mogleg med konfirmasjon også i Hylestad kyrkje.

Då ho prøvde å få nytt vedtak i soknerådet, slik at det kunne vere konfirmasjon i Hylestad kyrkje, kom reaksjonen. Det var ikkje akseptabelt for dei styrande i soknerådet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Diktatoriske vedtak

Det er alltid dårleg strategi å træ vedtak ned over hovudet på folk. Eg trudde kyrkja ville det beste for alle, men eg skjønar at soknerådet tykkjer at diktatoriske vedtak er ein god måte å styre på. Soknerådet og kyrkjesjef sa at dette var eit alvorleg brot å prøve på å gjere om på vedtaket om å ikkje ha konfirmasjon i Hylestad kyrkje. Det å prøve på å gjere det beste for medlemane betydde ikkje noko.

Soknerådsleiar seier at arbeidsgjevar lyt difor reagere som i vanleg arbeidsliv. Men her har soknerådet gått fram på ein måte som ikkje samsvarar med det vanlege arbeidslivet. Det er ein regel at arbeidsgjevar tek munnleg kontakt med den tilsette i ein samtale for å avklare og rydde opp i feil og misforståing. Som regel løyser saker seg her. Dersom det ikkje lukkast, får arbeidstakar ei skriftleg åtvaring. Neste steg er oppseiing.

Mobbing og maktmisbruk

Her skjer det motsette. Kyrkjesjefen tek fyrst kontakt med tilsette i kyrkja og sokneråd utan at kyrkjetenar var tilstades. Så vert det sendt ut ein e-post om suspensjon med grunngjeving om at etter at ho har gjort dette kan ingen samarbeide med henne, ingen har tillit til henne fordi ho har gjort ein feil, og dei stoler ikkje på at ho ikkje kan gjere det same att. Dette er mobbing og maktmisbruk av kyrkja. Det er viktigare å vise makt enn å ordne opp internt med ein samtale. Det fanst heller ingen tilgjeving.

Det har gjort meg trist at blant kyrkja sine tilsette og fleirtalet i soknerådet er det ikkje nokon som prøver å syne raushet og tilgjeving.

Meiner kyrkjesjef og soknerådet dei har gjort all sakshandsaming rett i denne saka?

Kjenner ufred i kyrkja

Eg har har alltid følt ein god fred med å kome inn i kyrkjeromet, no er det ufred i tankane mine, og eg kjenner på ein vond atmosfære og ufred i kyrkja. Kan eg stole på at prest/prost talar sant når dei forkynner at me skal hjelpe kvarandre, ha omtanke for medmenneske, ikkje mobbe, vere raus, ha tillit og tilgje kvarandre. Dette trudde eg kyrkja stod for og meinte i praksis. No tviler eg.

Fordøming og mobbing

Kyrkjeleiinga og soknerådet har heller ikkje synt dette i handsaminga av tidlegare leiar og noverande medlem av soknerådet. Her er fordøming og mobbing. Bed eit medlem om å trekke seg fordi enkelte ikkje likar at folk har andre meiningar enn fleirtalet. Dette er eit eksempel på at kyrkja driv med mobbing av personar. At prosten var med på dette, gjer det ekstra ille. Det er eit av dei viktigaste element i styre og stell at ein kan stemme og argumentere mot forslag ein er ueinig i.

Snakk heller saman!

At heller ikkje soknerådet tek opp som sak eit innspel frå kyrkja sine medlemer om å bruke båe kyrkjene i kommunen er diktatorisk. Eg vil også presisere at det er ikkje bare hylstringar som har skrive seg på underskriftslista, det har eg også. Eg meiner me skal bruke båe kyrkjene som det har vore vanleg å gjere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg håper at sokneråd/kyrkjesjef, prost og prest tenkjer over kva dei gjer mot dei tilsette og medlemene av kyrkja. Tenk på at ein samtale i openheit og med tilgjeving og medkjensle og tillit kunne ha løyst slike stridar. Eg veit at eg ikkje er feilfri og at eg gjer tabbar, men eg prøver så godt eg kan å syne tillit og respekt for alle menneskje. Me må tenkje på at alle har ressursar i seg berre me bryr oss om å sjå etter.

Må samarbeide

Ifylgje rettleiing til nyvalde soknerådsmedlemer står det at rådet skal passe på alle medlemer, og at dei vert høyrt, samt passe på at ingen vert mobba. Dei skal arbeide for å få ei aktiv meinigheit. Det skal ikkje vere eit mål å skape vinnarar eller taparar, men eit godt samarbeid til beste for alle.

Hildebjørg Kjelleberg