Langeid-sverdet på heidersplass i Oslo
Som Setesdølen nyleg fortalde, skal ein forstørra kopi av vikingsverdet frå Langeid pryde den nye rundkøyringa på Bygland. Men det blir og gjort stor stas på dette sverdet på den nye store vikingutstillinga på Kulturhistorisk museum.
Då eg var der for ein månad sidan, var Langeid-sverdet den einaste gjenstanden som hadde fått ein monter heilt for seg sjølv! Og det har fått heile to sider i katalogen.
Eit anna fint kunstverk frå Valle var og utstilt, nemleg eit sylvbeslag som truleg var laga i England. Det kan og vere tilfelle med Langeid-sverdet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skal du til Oslo, er Kulturhistorisk museum vel verdt eit besøk!
Vidar Toreid