Gjensidige skal ha takk for meg

Ja, nå skal Gjensidige ha takk for meg! Det er leitt å måtte avslutte eit langt og godt forhold på denne måten.

Heilt sidan Eivind Mykland tok til som assurandør her i distriktet, og etter kvart fekk seg kontor i Sentrum, har det vore veldig greit. Då han slutta, kom Erik Lien. På hans kontor var det også gildt å komme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjensidige var der alltid når ein trong dei. Dei gongene eg måtte bruke forsikringa, var det alltid greie oppgjer. Difor prøvde eg aldri på å få det billegare i andre selskap. Dei var da også gode på pris. Det var trygt og godt. Men så kjem den nye tida. Kontoret på Evje vert lagt ned. Då kan ein ikkje lenger treffe eit levande menneske.

Vanskeleg med data

Nå ein er eldre, blir dette vanskeleg, sjølv om ein er databrukar på eit vis. Det er ikkje alt som er lett å hamle opp med. Når det så er feil med nettsida; ”Det oppstod en feil”, er det som kjem opp, gong etter gong, då er det lett å gje opp. (Feilen kan sjølvsagt vere min. Slik er det når ein ikkje er flink databrukar.)

Selskapet har eit telefonnummer du kan ringe, men det tek minst eit kvarter å vente på ”en av våre kundebehandlere”. Det kostar penger og tolmod.

Einvegs e-post

E-post, då, kanskje det er redninga? Men dagens firma vil helst ikkje ut med mail-adressa heller.

Du kan leite og leite, men nei. Men så fekk eg ein mail, med ein link til sida mi i Gjensidige. Kanskje det kunne avsløre ei mail-adresse? Jau, så menn! Det var bare det, at den var automatisk, og ingen menneske til å svare i den andre enden! Då sa det stopp. Dette vil eg ikkje !

Eg kan ikkje ha det slik at eg må på bygda (les Databutikken) for å få hjelp heile tida til å takle data-verda sine nykker. Synd det skulle ende slik.

Enn så lenge kan ein, heldig vis, ha personleg kontakt med eh-banken.

I. J., Evje