Lokale butikkar i framtida

Sist veke fortalte drivarane av butikken Sjarm i Evje sentrum at dei vil legge ned verksemda i august. Den siste sommaren er komen for butikken som har selt klede, sko og kosmetikk til både lokale og turistar i snart 15 år. Pandemien vart for krevande, og ikkje minst etterverknadane av at folk har lagt seg til nye handlevanar. Innehavarane opplever netthandel som ei stor utfordring for den lokale handelen.

Det er utan tvil sjarmerande å møte på små nisjebutikkar i sidegater om ein tek ein tur til Lillesand, Stavern eller Åkrehamn i sommar. Som feriefolk med stor handlelyst gjer ein dagen til gründerar med unike og sjølvstendige butikkar der ein kjem. I same slengen er ein med på å halde liv i små sentrum i alle delar av landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om noregsferie gjorde at ein del butikkar opplevde eit oppsving i feriemånadane under pandemien, har det for mange butikkar vore krevande å halde liv i drifta året rundt. Det kan vere ein vekkar for mange når butikkane til slutt må gje tapt og lukkar dørene.

Skal småbutikkane overleve i konkurransen med dei store kjedene, så må det vere handel året rundt. Då kan ein tenke over om det ein så lett «klikkar heim» frå eit depot på Austlandet, like gjerne kunne ha vore handla i næraste sentrum. Om sentrum heiter Hovden, Evje, Lillesand, Stavern eller Åkrehamn på Karmøy.