«Her er dei komne frå heile Bygland kommune! Frå Heistad og Austad, frå det gamle kultursenteret Ose, frå Åraksbø, den venaste bygda i Setesdal – flaggberaren er frå Haugetveit!» sa Torbjørn Frøysnes i 17. mai-talen han heldt på Byglandsfjord.

– Lokalt og verdsperspektiv

Tidlegare ambassadør Torbjørn Frøysnes heldt denne talen på sin barndoms Byglandsfjord 17. mai:

«Det er fantastisk å sjå så mange folk att på 17. mai! Her er dei komne frå heile Bygland kommune! Frå Heistad og Austad, frå det gamle kultursenteret Ose, frå Åraksbø, den venaste bygda i Setesdal – flaggberaren er frå Haugetveit! Dei kjem frå Frøysnes - Professor Seippels og Johannes Skards bygd, og frå Bygland, vår eiga perle av ei bygd – 16 berre frå Kvåle – frå Lauvdal, den finaste svingen i dalen, frå fruktbygda Longerak, frå Grendi og Åsen, staden med det store utsynet og ned til stasjonsbyen Byglandsfjord for å feire nasjonaldagen i det lengste 17. maitoget sidan 50-åra!

I vårt land er nasjonaldagen først og fremst barnas dag, med fest og flagg og leiker. Og ikkje minst med is og brus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var jo ellers ingenting på Evje

Då me var små var ikkje isen kome til Byglandsfjord. Vi hadde hørt om den, men det var helst i Amerika og Oslo og slike stader dei hadde is. Vi sakna den ikkje, for vi hadde ikkje smakt den.

Men så ein 17. mai høyrde vi at isen hadde kome til Evje.

Til Evje! Det var ganske rart, for der var jo ellers ingenting på Evje, samanlikna med B.fjord. Dei hadde ikkje gater ei gong. Der var ingenting, bare ein vei og ein stoppestad for toget på reisa mot Byglandsfjord.

Bygland hadde alt, her var ikkje bare stasjonsbyen Byglandsfjord, men også den fine fjorden med båtane om sommaren og skøytebane om vinteren, og fjella rundt, eit heilt landskap var der oppigjennom, med Reiårsfossen og Hanehaug og Landeskogen Sanatorium, der vi gjekk i tog opp 17. mai og spilte Sønner av Norge for dei tuberkuløse, og så alle gårdane rundt omkring der vi kunne hoppe i høyet.

Vi hørte aldri om noen som hoppa i høyet på Evje. Det var pinede rart at de hadde fått is før oss.

Isbaren på Evje

Men dei hadde ein kiosk ved den veien, og der hadde dei altså fått is, så då blei den kalla Isbaren.

Vi snakka ikkje meir om det, for året etterpå kom isen til Byglandsfjord. Det var ordentlig is, i store blanke spann på meieret, med vanilje, krokan og jordbæris. Ingrid Tveito fylte oppi kjeks og beger. Og på kaffeen på Nordgård, der var det pinneis og kjøpeis i kjeks! Vi gafla i oss alt.

Fridom og menneskerettar

Hovudsaka er vår frihet, og våre menneskerettar. Det er glede, men også stort alvor på 17. mai i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er desse grunnleggande rettane for alle folk som er utfordra gjennom Russlands invasjon av Ukraina.

Det skjer nær oss – her i Europa. Difor har verdien av frihet og menneskerettar blitt så mykje tydelegare for oss i år enn på mange tiår. Særleg for den yngre generasjonen er det blitt deira oppvakning til realitetar som tidlegare krigar har handla om.

Kva er desse menneskerettane som alle talar om? Kvar kjem dei ifrå? Det er for så vidt ein lang historie – med opphav i slike ting som den franske og amerikanske revolusjon – og Grunnlova frå Eidsvoll i 1814 for oss. Men frå Eidsvoll og 1814 har det vore ei lang politisk og demokratisk utvikling til der vi er i dag med dei moderne menneskerettane.

Vern mot overgrep

Det er lover som beskytter menneska mot overgrep av alle slag. Dei er nedskrivne i Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Den vart vedtatt i i 1950 av Europarådet, som vart oppretta året før av dei vest-europeiske landa for å hindre all framtidig urett og krig. Norge var med der fra starten av.

Etter Regjerings- og Stortingsbehandling her heime trådte Menneskerettskonvensjonen i kraft for oss i 1953. Frå då av kom desse rettane inn i lovverket i Noreg. Hvis dei vert brotne kan vi gå til sak mot Staten. Taper vi i Noreg kan vi anke til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Det er ikkje sakshandsamingsgebyr der, for alle skal kunne ha denne retten.

Dette gjeld for alle medlemslandene i Europarådet, med 800 millionar menneske. Det er dette som er det europeiske menneskerettssystemet, og som nå vert utfordra i krig.

Kva rettar vi har

La oss sjå kva rettar vi har. Dei er oppramsa i Menneskerettskonvensjonen:

Den fyrste er retten til liv. Det er ikkje lov å ta nokons liv. Det er heller ikkje lov med dødsstraff. Så Europa er ei dødstraff-fri sone i verden. Bortsett frå i Hvite-Russland, det einaste landet som praktiserar dødsstraff og som heller ikkje er medlem av Europarådet. Fram til 16. mars i år var Russland medlem av Europarådet, men vart då utestengt fordi dei ikkje respekterte påbodet om ikkje å ta liv. Dette heng saman med retten til frihet og sikkerhet som også er ein menneskerett. Det er ulovleg å ta dette frå folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den andre er forbod mot tortur og umenneskeleg behandling.

Den tredje er forbod mot slaveri eller tvangsarbeid, også uverdige forhold på arbeidsplassen.

Rettferdig rettargang

Vi har alle krav på rettferdig rettergang. Ingen skal dømast utan etter lov og dom. Gatas justis er ulovleg.

Retten til privatliv er ein menneskerett. Ikkje alle er klar over det. Men dersom det er så mykje støy ein plass, til dømes, at det går ut over privatlivets fred så kan vi få stengd støykjelda. Det er mange domar om slikt – om alt frå at store og bråkete stålverk må stenge, og til forbod mot flyging om natta - for folk nær flyplassen får ikkje sove. Menneskerettane er viktige i kvardagen.

Vi har og lovleg rett til familieliv. Det høyrest gammeldags ut, kanskje, men familielivet er beskytta.

Rett til å gifte seg

Vi har rett til å gifte oss. Det er beskytta gjennom menneskerettane. Vi kan gje gode råd om giftarmål, men til sjuande og sist er det ein menneskerett å gifte seg med kven ein vil. Det er ulovleg å motsetje seg det. Ein svært viktig rett i våre fleirkulturelle samfunn. Likeeins er retten til utdanning lovfesta i alle europeiske land. Også det ein menneskerett.

Egedomsretten er ein viktig menneskerett. I Sovjetunionen og dei aust-europeiske kommunistlanda, var det ikkje privat eigedomsrett, ikkje noka Grunnbok som sikra det du åtte. Då Sovet vart oppløyst i 1991 og dei aust-europeiske landa vart demokratiske med frie val fekk dei og medlemskap i Europarådet, men det var berre etter at dei hadde slutta seg til Menneskerettskonvensjonen. Då vart retten til privat eige anerkjent over heile Aust-Europa. Det måtte voldsomme lovendringar til. Berre det var ei av dei største samfunnsomveltningane i etterkrigstida, noko som er forholdsvis lite påakta.

Ytringsfridomen

Meir kjent er ytringsfriheten. Det er den berømte Artikkel 10 i Menneskerettskonvensjonen. Likeeins er religionsfriheten og respekten for samvetet lovfesta menneskerettar. Du har rett til å nekte militærtjeneste dersom det strir mot samvetet, til dømes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange lid for ytringsfriheten, og mange døyr for ytringsfriheten. I 2021 vart 11 journalistar i Europa drepne for det dei skreiv. Mange hundre er fengsla. Og dette var før krigen i Ukraina.

Kvifor er det slik? At lovene og dommar ikkje vert respekterte av statar som sjølv har vore med på å innføre dei ?

Ueinige om rettane

Det er fordi ikkje alle styresmakter respekterer det dei er pålagt. Vi får parti inn i regjeringane som er uenige i dei rettane som er sikra gjennom Menneskerettskonvensjonen. Men dei får ikkje sagt opp Konvensjonen utan å gå ut av Europarådet og alt samarbeid i Europa, og det blir for voldsomt. Så då freistar dei å sleppe unna med å ignorere domane eller rettane.

Men då kjem folks vilje og rett til å sei ifrå inn i biletet. Det er og ein menneskerett. Det er forsamlings og foreningsfriheten i Artikkel 11. Og den politiske fridomen og retten frie val er ein heilt sentral menneskerett.

Må gjere opp for seg

Dei styresmaktene som ikkje respekterar lovene og domane vert dømde i domstolane og dersom dei då ikkje retter seg etter dette vert dei til sist dømde i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Alle dei andre landa har då ei plikt til å sjå til at dei gjer opp for seg.

Det skjer ikkje bestandig så fort, men det er likevel slik at domane frå Strasbourg-domstolen som regel vert oppfylte til slutt.

Menneskerettane er eit voldsomt vidtfamnande regelverk som sikrar oss gode samfunn. Vi tenkjer ikkje over det til kvardags, kanskje, men fleire gjer det no.

Kva som står på spel

17. mai er ein dag der det er rett å minne oss alle om kva vi har, og kva som står på spel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ein veldig dramatisk situasjon for Europa i dag. Russland driv ein grufull krig og har sjølv kasta vrak på menneskerettane, og vorte stengd ute frå det europeiske samarbeidet. Vi må leve med dette i lang tid, er eg redd.

Det vil virke inn på liva våre i kvardagen, på mange vis. Det vert meir usikkerhet om framtida.

Alle ser òg at det vert dyrare, også det vi treng i det daglege. Det har byrja med tydeleg prisstigning på fleire områder. Det kan bli lengre leveringstid på mange ting, og kan hende knapphet på noko vi ikkje er vane med. Beredskapsomsyn vert meir daglegdags. Kan det kome noko positiv ut av dette? Kanskje.

Vi set pris på demokrati

Det kan føre til at vi sluttar meir fast opp om fridom og menneskerettar. Vi tenkjer meir på rettferd og godt styresett, på alle plan i samfunnet. Vi må vere nøye med godt styresett, for å verne om demokratiet, også lokaldemokratiet.

Det kan føre til at vi blir meir bevisste om dei ting vi treng, om mat og beredskap. Vi kan ta kjøkkenhagen tilbake. Det er eigentleg triveleg. Før var det kjøkkenhagar i alle husstander i heile Bygland. Det var hyggeleg og interessant, men eg kunne ikkje fordra å luke. Men vi skal iallfall doble potetåkeren i år. Vi blir sjølvforsynte med Beate, som også er gode til å bake lefser av – nemlig!

Patriotisk arbeid

Viktige sentrale beredskapsomsyn får høy prioritet av regjeringa og vil påvirke samfunnet. Vern av dyrka mark til matproduksjon blir eit ennå meir sentralt påbod. Styresmaktene må legge industri, bustadfelt og vegar slik at dyrka mark vert skjerma.

Eg trur og at vi vil setje meir pris på det vi har, på heimstaden vår. Det er fantastisk å sjå alle som er med på dugnad og pyntar opp. Det er patriotisk arbeid. Hurra for dei!

Det er patriotisk gjerning dei gjer, dei som steller til 8. mai-feiringa og til 17. mai. Det var fantastisk å sjå skramletoget kl 7, med firehjularar pynta med flagg og bjørkelauv og med barn og musikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg heiar på alle dei som tek fine bilete frå Bygland og legg det ut på sosiale medier kvar dag. Dei lærer oss til å bli glade i det vakre landskapet.

Kvardagspoetane

Eg heiar på kvardagspoetane som skriv drøymande dikt på Facebook, og på alle dei som tykkjer at dette er heilt eineståande. Smilefjes. Det er heilt OKEI, altså.

I denne tida trur eg vi vil bli meir merksame på historia vår og opphavet vårt. På dei kulturminnene som vi har, og som mange har gløymt. Det ligg mykje opp i dagen i Bygland som vi kan lære meir om. Som Reidar Tveito og Reidar Larsen skriv om, til dømes: Hurra for dei!!

På verdsarvlista

Og så ser vi at tradisjonane våre held høgt nivå: Setesdalsstevet, musikken og folkedansen er på UNESCOs verdsarvliste! Dei seier at det er helst i øvre dalen at desse kunstnarane finst no for tida. Men det gjer jo ingenting. Vi i Bygland er sjenerøse og vidsynte, så hurra for dei og!

Og Setesdalbunaden, som eg har pressa meg inn i til 17. mai, er internasjonalt anerkjent som galla.

Bunaden som uniform?

Eg stilte i setesdalsbunad då eg på min fyrste utenlandspost, Bonn i Vest-Tyskland, skulle ledsage den nye norske ambassadøren, Rolf Busch, til den tyske forbundspresidenten Walter Scheel, for å overlevere brevet frå den norske Kongen om at han skulle ta til som sendemann i Tyskland – Akkreditiva heiter det.

Det var ein tradisjon at yngstemann ved ambassaden var med ved eit slikt høve, altså meg. Og så var Militærattacheen med. Oberst Tvilde, i Luftforsvarets galla med fullt ordensbånd, og Ministerråden med engelsk sjakett.

Bak Presidenten stod tre tyske offiserar, ein frå kvar av våpengreinene, hær, luftvåpen og marine.

Dei trudde nok at setesdalsbunaden òg var ein uniform, for ein av offiserane kom bort til meg etter seremonien, då vi hadde fått eit lite glass sherry og kunne konversere.

Han spurte høfleg om kva våpengrein eg representerte - «Welcher Waffe, Herr Kollege?»

Då retta eg meg opp og svarte:

«Bygland Heimwehr, Herr Major!»»